Jason har turnert med Lady Gaga og spelt inn låt med Nicki Minaj.
Jason har turnert med Lady Gaga og spelt inn låt med Nicki Minaj.

Derulo kjem til Tysnesfest!

Den amerikanske superstjerna Jason Derulo skal spela same kveld som TIX og Village People.

Kjetil Vasby Bruarøy
23. februar 2020 - 10:07

Den amerikanske verdsstjerna Jason Derulo kjem til Noreg for å spela ein av svært få konsertar i Europa - på Tysnes!

– Laurdagen er allereie full av godbetar, men dette er nok toppen av kransekaka for mange! Dette blir ein heidundrande fin kveld, seier dagleg leiar i Stiftinga Tysnesfest, Øystein Vaage.

Derulo er blant anna kjent for låtar som «Whatcha Say», «In My Head», «It Girl», «Colors», «Wiggle», «Talk Dirty» «Trumpets» og «Want to Want Me».

Låtskrivar Derulo fekk ein brakdebut som soloartist i 2009.
Låtskrivar Derulo fekk ein brakdebut som soloartist i 2009. 

Han har skrive låtar sidan han var 8 år, og vann finalen i TV-programmet «Show at the Apollo» i 2006. Som 16-åring skreiv han låtar for Lil Wayne og Birdman, så blei han signert som låtskrivar og skreiv over 300 songer saman med J.R Rotem.

I 2009 slapp Jason debutalbumet Jason Derulo med songen «Whatcha Say» - og blei historisk då debutlåten gjekk rett inn som nummer 1 på Billboard.

I desember var han å sjå på kinolerretet som Rum Tum Tugger i filmen Cats. 

– Vi er enormt stolte av at Jason vel å ta turen til Tysnesfest i sommar! Tysnesfest 2020 har allereie den feitaste plakaten me nokosinne har hatt, og så kjem Jason inn frå sidelinja og verkeleg set kruna på verket!

– Det er ingen tvil om at årets festival vil bli ein fest utan sidestykke! Stemninga stod i taket på kontoret den dagen me fekk bekrefta Derulo!

Dette er ein artist med erfaring frå festivalar av eit anna kaliber enn den vi finn på Våge.

– Det vil krevja mykje planlegging og organisering. Ikkje minst krev det mykje av det lokale crewet på produksjonsdagen. Heldigvis har vi eit godt og erfarent crew både i backstage, lyd/lys og på sikkerheit, som har hausta gode ord frå både norske og internasjonale artistar gjennom mange år.

Tysnesfest har til no lansert:

Torsdag: Hjerteslag, Hellbillies, Bjørn Eidsvåg, Vinskvetten
Fredag: Highasakite, CC Cowboys, Lemaitre, Isah, EMIR, Anna of The North, Stavangerkameratene
Laurdag: Jason Derulo (US), TIX, Village People (US), Kapteinen og car.pool 

Les meir om

Kultur Festivalar