Her er seks av sceneinnslaga som blei sendt vidare. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Desse er vidare i UKM 2018

Her er lista over ungdomane som skal til Husnes for å representera kulturen i Os og Fusa.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Både talet på deltakarar, breidda i kulturinnslaga og mengda publikum gjorde at arrangørane kallar årets UKM for den beste Os og Fusa har gjort saman.

• Sjå video (9 minutt) og stor bildeserie av alle deltakarane

Fagjuryen, som består av fagjuryen sit Eirik Søfteland, Jørgen Bertelsen, Mari Harju Skeie, Stine Kobbeltvedt og Vegad Fosså, har kome med innspel til arrangørane, som no har valt ut kven dei sender vidare.

UKM Fylkesfestivalen, som går av stabelen 20. til 22. april, blir i år arrangert på Husnes.

–  Det er stor stas å sjå at vi saman blir ein hurv på heile 30 personar som skal til Husnes. Ungdomen frå Os og Fusa vil garantert bli lagt merke til! seier Kjetil Osablod Grønvigh frå kultureininga i Os kommune.

Begge filmane, begge som las tekstar og begge pianistane er vidare. Det er òg to av tre danseinnslag, fem av åtte kunstnarar og seks av ti arrangørar, inkludert ein av konferansierane.

Os og Fusa sender mange bidrag, men vi vil likevel tru at juryen hadde ein vanskeleg jobb, spesielt innan song. Det er grenser for kor mange minutt kvar kommune kan senda, og her var konkurransen hard.

Dette er dei som er vidare

Konferansier:
Tuva Baggen (Os)

Unge arrangørar:
Annie Frydenlund (Fusa)
Annika Svendal Os (Os)
Hrafn Hlynsson (Os)
Iris Lacroise (Fusa)
Ole Jomar Hauge (Fusa)

Utstilling:
Marie Steinum (Os) - fotografi. Livet til en skoleelev
Angel Huynh (Fusa) - teikning.
Annika Svendal Os (Os) - oljemaling. Ophelia.
Gjøa Holmefjord (Fusa) - fotografi. Refleksjon
Irmelin Lemin Lygre (Fusa) - handverk. Fuglekasse

Film:

NIGUFÅ (Os) - kunstfilm. A4 (Frida Celine Bratland Haaland, Ida-Christin Handeland Madsen, Natasja Smørholm, Una Berntsen Seland, Åsmund Olivier Alfredsen Lerøy

Robin J. Sannes Hovden (Fusa) - thriller. «Desperate salg»

Sceneinnslag:
The Blooming Bruises (Fusa) – musikk. Vidare med låten «Bruises» (Tekst og melodi: The Blooming Bruises). Bandet består av Benjamin S. Austestad, Einar Andersen, Håkon Markhus, Jørgen Hovden og Tobias Rysjedal.

Frida Solheim og Miriam Sundfjord (Fusa) – musikk. Vidare med låten «Issues».

Gabriel Løsnesløkken (Os) – klassisk piano. «Fantasie Inpromptu».

Regine Hella Midtun (Os) - monolog. Lykke pille

Una Berntsen Seland (Os) – modern dans. You are my murderer (Koreografi: Una Seland)

Ludvik Hodneland Sundfjord (Os) – piano. Maple Leaf Rag

Johanne Svendal Os (Os) - ballett. Pirates of the Caribbean (Koreografi: Johanne Svendal Os).

Amara-G (Fusa) – hip-hop. K-Mashup (I dansegruppa: Angel Huynh, Malena Øpstad Offerdal, Oliwia Sakowska, Zofia Konieczka)

Kristina Andreasson Dale (Os) - musikk. Vidare med låten «La meg puste» (Tekst: Kristina Andreasson Dale - Melodi: Frida Solheim).

Lilly-Mae Grønvigh (Os) - kronikk. En Av Fire (sjølvlaga)

Z & F (Fusa) - musikk. «Believer». (Frida Solheim, Zofia Konieczka)

 

 

 

Fleire saker