Lokal | 16. nov. 2020

Desse får pengar frå næringsfondet

Ni søkjarar får til saman 1,9 millionar.

Desse får pengar frå næringsfondet
Bjørnafjorden kommune har delt ut 1,9 millionar. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 16. nov. 2020 13:31

Kommunane fekk tidlegare i år løyvd ekstraordinære midlar for å motverke dei negative effektane av covid-19-utbrotet.

Løyvinga til Vestland fylkeskommune var på totalt 75,3 millionar kroner. Av desse fekk Bjørnafjorden kommune tildelt 1.900.281 kroner av desse.

Det kom inn 23 søknader til ekstraordinært kommunalt næringsfond for Bjørnafjorden kommune. Til saman blei det søkt om nesten åtte millionar kroner.

Kommunen har no gått gjennom søknadane og tildelt midlar.

Desse får midlar frå næringsfondet:

  1. Huug Home AS (Nuen): 100.000 kroner til Kraftsenter for fremtidens møbel og interiørdesign
  2. Ocean Snacks AS: 200.000 kroner til auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping i Ocean Snacks
  3. Os Sentrumsforening: 110.000 kroner (søkte om 158.000) tilskot til arrangement 2020-2021
  4. Bjørnafjorden Næringsråd: 298 000 kroner (omstillingsprosjekt)
  5. Octaos AS 110.000 kroner(søkte om 300.000) til mobil-/web-applikasjon for håndtering av medlemsskap
  6. Kulturminnedok AS: 110 000 kroner (søkte om 300.000) Applikasjon for bygningsvern
  7. Premiebua AS 225.000 covid-19-stønad
  8. Pugg AS: 375.000 kroner Two-player Pugg
  9. Fusa Lyd & Lys AS 366.400 kroner støtte til kjøp av telt og benkesett

6 av dei 9 er, eller har nyleg vore, tilknytt Os Gründerpark.

Blant dei som har fått avslag finn vi Os Travel AS, som søkte om 300.000 til vidareutvikling av Os hamn, Engevik Gard (500.000), som vil bygga serveringslokale i hovudhuset frå 1770, og Er-An Veikro (1,3 mill), som vil bygga ut med «Lille Amerika i Bjørnafjorden».

Her er liste over alle søkarane og tildelingane

Dette har kommunen lagt vekt på ved tildeling:

  • i kor stor grad tiltaket fremjar auka aktivitet, auka sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial.
  • i kor stor grad bedriftsretta tiltak, tilskot til etablerarar og andre næringsretta tiltak kan tenkast å motverke negative verknader av covid-19-utbrotet.
  • kor raskt tiltaket kan settast i gang.

Dei ekstraordinære midlane kan bli gitt som tilskot til utviklingstiltak og skal ikkje nyttast til ordinær drift eller løpande driftskostnader.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.