Lokal | 08. nov. 2016

– Desse hjartestartarane skal henga ute!

I dag fekk Osbygda åtte nye hjartestartarar, seks av dei i gåve til idrettslag i kommunen.

– Desse hjartestartarane skal henga ute!
Fem av dei seks idrettslaga som i dag fekk hjartestartar var i dag på mottaking hos Os Bygg og Eigedom. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 08. nov. 2016 19:14

I september fylte Os Bygg og Eigedom AS 50 år som kommunal tomteseljar. Jubilanten er meir opptatt av gåve til andre enn til seg sjølv.

– Vi var innom både kultur og skulptur i dei mange diskusjonane vi hadde her på huset, om kva vi skulle kjøpa om vi ville gje noko tilbake til Osbygda etter alle desse åra med tomteutvikling, seier dagleg leiar Ottar Randa.

Dei enda med gåver som dei håper mottakar aldri får bruk for, men som kan få uvurderleg verdi; hjartestartarar (defibrillator).

Hadde du visst kva du skulle gjera om du var i nærleiken ved hjartestans?

Bruk fem minutt på å sjå denne videoen!

Skal henga ute - lett tilgjengeleg

Dei siste åra har det kome fleire hjartestartarar i Os (sjå oppdatert liste), men ikkje alle desse er like lette å få tak i heile døgnet.

– Seinast i førre veke var det fokus på kor lite tilgjengeleg enkelte av desse er, seier Randa sin kollega, Paal Herland.

Han viser til TV2 sitt innslag om Tobias (34) frå Nittedal, som døydde mens han spelte kamp i innebandy. Hjartestartaren var innelåst.

– Vi har valt hjartestartara som er laga for å henga ute, med lys og med straumtilkopling, så apparatet og batteriet blir halde varmt, fortel Paal, som på fritida er engasjert i Røde Kors som ambulansesjåfør.

I gåve til seks idrettslag

OBE har kjøpt åtte hjartestartarar, éin til eige kontor, éin som skal henga sentralt på torget i Os sentrum, på husveggen ved Libris, og seks som dei i dag gav vekk i gåve.

– Vi undersøkte med idrettskonsulent Tom Leonsen i Os kommune, som igjen sjekka med idrettslaga og fekk avdekka behov.

Os Turnforening, Nore Neset idrettslag, Søre Neset idrettslag, Søfteland TIL, Lysekloster IL og IL Øyglimt har fått kvar sin.

– Vi har innandørs, rett ved inngangsdøra til klubbhuset, det er heilt fantastisk at vi òg får ein utandørs, seier Bjarte Aarvik frå Søre Neset IL.

Nore Neset har i Symrasalen, Os Turnforening har blant anna tilgang på ein i Osbadet og vil henga denne på kiosken mellom fotballbanane.

– Hjartestartarane er kjøpt av Røde Kors, som har ei ordning der overskotet ved sal går til den lokale avdelinga, altså Os Røde Kors.

– Har redda liv

Representantar frå fem av dei seks mottakarane møtte i ettermiddag på OBE sitt kontor i Smiegården og tok imot gåva.

Stine H. Bakke frå Øyglimt jobbar som ambulansearbeider og har fleire gongar vore med på å redda liv med hjartestartar.

– Vi har vår eigen hjartestartar i ambulansen, men eg har òg vore med på å koma fram til åstad der ekstern hjartestartar er tatt i bruk før vi kjem fram.

Hjartestartarane er enkle å bruka, ei stemme fortel deg neste steg i det du tar han i bruk. Den gir ikkje støt om pasienten ikkje treng det. Den kan òg brukast på born.

– Sjølv om det i dag er hjartestartarar fleire stadar, er det viktig å hugsa på hjarte- og lungeredning (HRL). Med hjartekompresjon kan du halda hjarteflimmeret i gang, og det må vera flimmer for at hjartestartaren skal fungera.

Andre rundt bordet kjenner til at det òg har vore redda liv med hjartestartar i gymsalar i Os.

For to år sidan blei ein gjest i Osbadet redda av tilsette som brukte hjartestartar.

Les historia: Dobbelt lykke i Osbadet

Korleis fungerer den?

Røde Kors har, ved hjelp av reklamebyrået Picapoint frå Os, fått laga ein video som viser korleis hjartestartarar fungerer.

Her kan du sjå videoen (YouTube).

Hjartestartaren i filmen er den same som i dag blei gjeven i gåve, men uavhengig av modell skal dei ulike hjartestartarane fungera ganske likt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.