Fotball | 25. des. 2021

Desse laga deltar i NM i 2022

I år er det ikkje berre Os som må ut i kvalik.

Desse laga deltar i NM i 2022
Lysekloster sin toppskårar, Tim Nilsen, i NM-kamp mot Simen H. Lassen og Åsane i juli. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 25. des. 2021 09:55

Tidlegare i desember blei det klart at Os og Lysekloster hamnar i kvar si avdeling i Norsk Tipping-ligaen neste år.

Også speleplanen for Norsk Tipping-ligaen er no klar.

Os startar heime mot Frøya, Lysekloster borte mot Vidar.

Ruben Hetlevik og Endre Brenne fekk éin kamp mot kvarandre i år. Neste år vil begge sakna derbyet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògRuben og Endre om 2022-avdelingane

Lysekloster får kampar i Rogaland, Os på Austlandet.

Trenarane til begge lag seier dei vil sakna lokaloppgjera dei har hatt i fleire sesongar frå 2013 til i år.

Dei får kanskje møtt kvarandre i NM.

Må kvalifisera seg

Både Lysekloster og Os er påmeldte også i NM.

84 lag i Noreg er direkte kvalifiserte til første ordinære runde, 176 andre kjempar om 44 plassar over to kvalifiseringsrundar.

I region Hordaland er dei sju beste laga i Hordaland direkte kvalifisert, dei andre må ut i NM-kvalifisering.

Bjarg, som landa på 5. plass i Os og Lysekloster si avdeling i år, er direkte kvalifisert.

Os landa på 6. plass og Lysekloster på 9. plass i årets serie. I NM tapte Os 2-6 for Øygarden mens Lysekloster tapte berre 1-2 for Åsane i ei kamp som var nær å bli sendt til ekstraomgangar.

Neste år må både Lyseklosterog Os vinna to kvalifiseringskampar for å få plass i ordinære NM-rundar.

NFF Hordaland

(lag som er direkte kvalifisert i bold)

Brann
Åsane
Sotra
Øygarden
Fyllingsdalen
Fana
Bjarg

Lysekloster
Stord
Os
Bremnes
Sandviken
Frøya
Lyngbø
Voss
Gneist
Sund
Osterøy
Nordhordland
NHHI
Askøy
Loddefjord
Austevoll
Arna-Bjørnar
Bergen Nord
Tertnes

Kampoppsett for 1. kvalifiseringsrunde kjem i midten av januar.

Dato for kampane:

1. kvalifiseringsrunde: 20. mars
2. kvalifiseringsrunde: 2. / 3. april
1. runde: 19. mai
2. runde: 22. juni
3. runde: 29. juni

I utvalte andre regionar finn vi lag som Os og Lysekloster har møtt før, eller møter neste år (Oslo og Rogaland).

NFF Sogn og Fjordane

Sogndal
Florø

Fjøra
Årdal
Førde
Eid
Måløy
Stryn

NFF Rogaland

Viking
Haugesund
Sandnes Ulf
Bryne
Egersund
Vard Haugesund
Sola
Djerv 1919
Staal Jørpeland
Brodd

Madla
Vidar
Åkra
Hinna
Eiger
Randaberg
Riska
Hana
Vardeneset
Frøyland
Varhaug
Kopervik
Ålgård
Klepp
Rosseland

NFF Oslo

Vålerenga
Stabæk
KFUM
Grorud
Skeid
Kjelsås
Asker
Bærum
Ullern
Frigg
Lokomotiv Oslo
Lyn
Nordstrand

Oppsal
Ready
Stovner
Follo
Grei
Nesodden
Årvoll
Lommedalen
Manglerud Star
Kolbotn
Holmen
Oslojuvelene
Gamle Oslo
Rilindja
Heming
Holmlia

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.