Næringsliv | 05. apr. 2009

- Det beste for lokalmarknaden

Askeladden Boats AS har kjøpt seg inn i Båtens Beste AS. - Vi kunne neppe funne ein betre gjeng til å ta vare på lokale kundar, seier Henrik Askvik.

- Det beste for lokalmarknaden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 05. apr. 2009 12:37

Bergen Båt, som kjøpte Askeladden-forhandlaren Askvik Maritim, trappa ned i haust, og er no flytta ut frå lokala på kaien i Askvik.

Henrik Askvik og Mons Tore Lyssand har som kjent kjøpt produksjonsretten og eigedomsmassen etter Henrik J. Askviks Sønner sin konkurs, og no kjem ny drift inn i lokala.

- Det er høgsesong, så dei flyttar ikkje enno. Men samarbeidet er allereie starta, seier Henrik Askvik.

Askeladden Boats AS overtok leigekontrakten til Bergen Båt og kjøpte inventaret, som dei selte vidare til selskapet dei no har kjøpt 34 prosent av, Båtens Beste AS.

Frå 5 til 11 tilsette
Båten Beste AS blei starta av Jonathan Dyrstad og Martin Murud i oktober 2008. Dei to fekk saman med tre tilsette ein god start, og med deltaking på båtmessa i Bergen i februar skaut det yttarlegare fart for service- og reparasjon av båt.

- Alle i Båten Beste har fartstid hos Askeladden, og no får dei med seg heile gjengen som jobba hos Askvik Maritim tidlegare. Vi kunne neppe funne betre folk til å gje service til lokale kundar, seier Henrik.

Båtens Beste skal driva både motorverkstad, ta plastreparasjonar og snekra innreiing for Askeladden Boats.

- Samstundes tar vi i mot alle typar båtar og båtmotorar for vedlikehald og reparasjon, seier Dyrstad.

I dag har dei ope hus på kaien i Askvik.

Butikk?
I mange år var Askvik Maritim landets største forhandlar av Askeladden og Mariner. Kjem det også ein båtforhandlar tilbake i lokala?

- Det kjem til å bli både sal av båtar, motorar og båtutstyr i lokala igjen, men det blir med eit anna selskap. Her er ikkje alt på plass enno, seier Askvik.

- Men servicevarer og delar til Askeladden sel vi frå serviceverkstaden allereie no, fortel Dyrstad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.