Sport | 28. okt. 2012

Det blei dobbelt opprykk

Slo Mathopen i kvalifiseringa: Lysekloster prioriterte ikkje KM med førstelaget, men andrelaget sikra i dag opprykk til 5. divisjon.

Det blei dobbelt opprykk
Lysekloster 2 tok i dag imot Mathopen til siste og avgjerande kamp om opprykk til 5. divisjon. (Foto: LIL)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 28. okt. 2012 20:09

Fredag 28. september sikra Lysekloster sitt fjerde opprykk på fire år, tre veker før serien var over.

Les òg: Vill opprykksfest i Lysefjorden

Då Lysekloster rykte opp frå 7. divisjon blei dei også kretsmeistrar, det gjorde dei ikkje i forfjor, i fjor eller i år.

– KM er kjekt for ungdomane, men eg forstår ikkje kvifor dei arrangerer kretsmeisterskap for seniorar. Vi ferie no og brukte berre tre av dei som har spelt mykje for A-laget i denne kampen, seier trenar Ørjan Sandal etter 8-1-tapet for Vadmyra.

KM-finalen påverka dessutan kor mange av dei beste som kunne brukast med andrelaget i dagens avgjerande kamp mot Mathopen.

Borte blei det 2-2, i dag blei det suveren siger til Lysekloster 2.

Lysekloster 2 - Mathopen 6-1 (samla etter to kampar: 8-3)

Lysekloster 2 var nytt lag i 2010 og rykte opp frå 7. divisjon på første forsøk.

På lysekloster.no kan du lesa referat frå kampen mot Mathopen.

Midtsiden samleside: Lysekloster fotball

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.