Kultur | 05. des. 2013

– Det blei jubel i stova

Vann Kari Traa-leikane: Sidan juni har Karoline halde det hemmeleg. I kveld kunne å sleppa jubelen laus med familie og venar. – Eg skal møta Kari i morgon, fortel ho.

– Det blei jubel i stova
Karoline Hille Nordstrønen. (Foto: Lasse Berre, TV3)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 05. des. 2013 20:52

I fire veker frå mai til juni deltok osingen Karoline Hille Nordstrønen (26) i Kari Traa-leikane på TV3.

Les òg: – Kari er rå og kul

I haust har vi sett Karoline gå vidare frå runde til runde, i kveld var det finale.

– Det har vore vanskeleg å halda resultatet hemmeleg. Mange har prøv å lura ut av meg korleis det gjekk, både venar og framande, så i kveld var det kjekt å sleppa jubelen skikkeleg laus, seier Karoline til Midtsiden.no.

Såg finalen med mamma og venar

Ho såg finalen saman med fleire venar heime hos mora i Varåsen.

Karoline har vunne eit engasjement, ei fulltidsstilling som Kari Traa sin ambassadør. Jobben byrjar over nyttår.

– Eg skal faktisk møta Kari i morgon. Eg gler meg veldig og er spent på oppgåvene eg får.

– Ho hadde kledd ein sommarfugl

Ambassadøren frå Os seier ho reknar med at ho blant anna får brukt utdanninga og arbeidserfaringa si, at ho får bidra innan design.

– Kva med Kari då, du skulle ikkje tatovert ho?

– Eg har veldig lyst å tatovera logoen hennar på ho, den er veldig fin. Ho hadde kledd ein sommarfugl på kroppen, seier Karoline.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.