Lokal | 11. juni 2018

Det blei varmerekord - men ikkje tørkerekord

I natt, fire dagar frå rekord, byrja det å regna. Sånn blir vêret den komande veka.

Fekk du nyta sommarvêret i mai? No er det slutt for denne gong. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 11. juni 2018 07:38

Slutten på april og starten på mai blei solrik. Tysdag 15. mai blei det målt 24,9 gradar på Florida i Bergen - årets varmaste dag så langt, og berre ein forsmak på det som skulle koma.

Frå 13. mai kom 22 dagar på rad med temperaturar på over 20 gradar, ifølgje BT, fleire av dei oppunder 30 gradar.

Onsdag 30. mai blei ny rekord, 31,2 gradar er det varmaste som nokosinne er målt i Bergen i mai, og ikkje langt frå rekordtemperaturen uansett månad, 31,8 gradar målt i juli 2003.

Snittemperaturen for årets mai månad låg heile 4,2 gradar over normalen, ifølgje Yr.

24 dagar på rad utan regn

Natt til måndag 11. juni kom det nedbør i Bergen og Os for første gong på 24 dagar.

Rekorden på 28 dagar er frå 1913.

Vi må likevel 50 år tilbake for å finna tilsvarande lang tørkeperiode.

Av og på med vind og regn

Allereie i dag, måndag, skal det letta igjen.

Måndag ettermiddag blir lettskya og får 17 varmegradar, men vindstyrken skal opp i 5-6 m/s.

Også tysdag og onsdag blir lettskya og med laber bris (5-7 m/s).

Det er meldt regn igjen torsdag og fredag, og temperaturen skal ned i 12-15 gradar.

• Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på Pent.no (Yr og Storm på same side)

Laurdag kan få opphaldsvêr midt på dagen, mens det ligg an til regn både laurdag kveld og store delar av søndagen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.