Lokal | 06. juni 2016

Det blir billigare å bygga

Rådmann Christian Fotland foreslår å redusera byggesaksgebyra med 20 % frå 1. juli, samstundes vil han styrka planavdelinga med to årsverk.

Det blir billigare å bygga
Rådmannen forslår å redusera byggjesaksgebyret med 20% frå 1. juli. Då blir det billigare å byggja (arkivfoto: KVB)
Andris Hamremandag 06. juni 2016 12:48

I samband med at politikarane skal handsama 1. tertialrapport frå administrasjonen, kjem rådmannen med ei gladnyheit til dei som går med byggeplanar.

Administrasjonen foreslår nemleg å redusera gebyra med ytterlegare 20% frå 1. juli. Byggesaksgebyra blei redusert med omlag 10% i samband med budsjettet for 2016.

– Byggesak er eit sjølvkostområde som har hatt svært høg aktivitet dei seinare åra. Det har såleis blitt opparbeidd eit sjølvkostfond. Dette har skjedd fordi gebyrinntektene har vore høgare enn utgiftene til å driva byggesaksavdelinga. Delar av sjølvkostfondet er no så gamalt at det må brukast opp. Kommunen har på bakgrunn av dette redusert byggesaksgebyra for 2016 med om lag 10 %. Administrasjonen foreslår no å redusere gebyra med ytterlegare 20 % for å sikre at den eldste delen av fondet blir brukt opp, skriv rådmann Christian Fotland i tertialmeldinga.

Vil styrka planavdelinga

I rapporten kjem det fram at rådmannen er uroa over arbeidsmengda og bemanninga på planavdelinga.

– Arbeidsmengda er stor, aktiviteten blant dei som utviklar areal er høg og pågangen gjer at kommunen ikkje klarer å levere innan den tida som er forventa. Planavdelinga hadde i 2013 10 nye saker, medan avdelinga i 2016 har 27 nye planar i arbeid. For å levere dei tenestene som er ønskjelege, meiner rådmannen det er naudsynt å auke med to årsverk på planavdelinga.

– Då vil forvaltninga også ha høve til å fokusere på rullering av kommuneplanen, områdeplanen for sentrum og dei andre kommunale planane, skriv Fotland.

Han ser for seg å dekkja dei auka lønskostnadene i år gjennom gebyrinntektene og nokre ledige lønsmidler. For 2017-budsjettet vil han koma med ein modell for finansiering av sjølvkostområdet.

Går i balanse

I det store og heile driv kommunen i balanse etter årets fire første månader. Rett nok har ein ei utfordring knytt til barnevernet kor ein til tross for to nye stilinger og overføring av 3 millionar kroner til tiltaksbudsjettet frå området for barnehagefinansiering ligg ann til ein sprekk.

Årsaka er tiltak utanfor heimen, kor ein så langt i år har att 4,5 nye plasseringar.

– Det er god budsjettdisiplin i Os kommune. Sjølv om marginane er små, syner resultata at Os kommune framleis leverer amt over gode tenester til innbyggjarane. Rådmannen er imponert over dei tilsette som dagleg gjer alt dei kan for at kvaliteten på tenestene skal vere høg.

– Prognosane innanfor Oppvekst og kultur går i balanse. Barneverntenesta har nokre økonomiske utfordringar i samband med tiltak utanfor heimen. Dette vil rådmannen følgje nøye, skriv Fotland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.