Lokal | 03. mars 2019

– Det blir ikkje lett å salta neste helg

Yr.no meldte -273 gradar fleire stadar neste søndag.

– Det blir ikkje lett å salta neste helg
Tøsdal ein vinterdag i 2017. Innfelt; vêrvarsel frå Yr.no for Flåten, nær Tøsdal i Os. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 03. mars 2019 10:14

– Har du sett kor kaldt det blir på Flåten neste helg? spør Øystein Hjelle når han tar kontakt med Midtsiden-redaksjonen.

Det er venta kaldare vêr, men melding om - 273 gradar, «det absolutte nullpunkt», for dei som hugsar litt frå fysikktimane, fekk Øystein til å hutra.

– Det første eg tenkte var at det ikkje blir lett å salta vegane i Os denne dagen, seier Øystein og ler.

– Teknisk feil

Flåten i Os er ikkje einaste stad som har fått vêrmelding som ville tatt knekken på det meste.

Fleire aviser på Vestlandet og Austlandet har omtalt det overdrivne kuldevarselet, og Yr forklarer saka på Twitter:

«Ikke fortvil det blir ikke -273 grader i #Norge neste helg. Den tekniske feilen skyldes omregning fra Kelvin til Celsius. Formelen er: K = °C + 273,15»

Norsk kulderekord er forresten - 51,4 gradar, målt i Karasjok i 1886. På Yr.no kan du sjå fleire vêr-rekordar.

Finast vêr tysdag og fredag

Temperaturen i Os gjekk frå fint vårvêr og over 10 gradar i starten på vinterferien, til 3-4 gradar og sludd laurdag.

Det er meldt regn søndag og noko nedbør måndag, men tysdag er det venta sol og onsdag blir det stort sett opphaldsvêr.

Temperaturen skal ligga på 2 til 6 varmegradar.

Torsdag er det meldt nedbør og 2 til 5 gradar, fredag og laurdag skal det bli lettare vêr og truleg noko kaldare.

• Sjå detaljert vêrvarsel for Osøyro på Pent.no - som viser Yr og Storm side om side.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.