Eirik Søfteland, Olav Skorpen og William Lindborg gler seg til torgfesten (foto: Andris Hamre)

– Det blir smått legendarisk

Arrangørane gler seg: Vivillain, ORBO, Undercover med Gina Aspenes og Kim Gulbrandsen og The Untochabl(u)es lagar liv på Torget.

Av: Andris Hamre

– Det kjem til å bli ein smått legendarisk konsert. Det er utruleg kor tøft dette har utvikla seg, strålar Eirik Søfteland, Olav Skorpen og William Lindborg om kapp med sola.

I januar fortalde dei at Untouchebl(u)es gjer comeback. No er resten av artistane klare.

– Det byrjar tøft med Vivillain, ein gjeng ungdommar frå Bergen og omegn som vann Emergensa-festivalen i Bergen før jul. Tidlegare i vinter vann dei òg Wacken Metal Battle i Bergen og er vidare til den nasjonale finalen. Tek dei den òg så får dei spela på Wacken Open Air i Tyskland, same scene som Immortal i si tid gjorde sin største konsert på i 2007.

– Det er ein gjeng unge og virile gutar som vi oppdaga då dei avslutta Rock mot Kreft. Det var så jæ... bra, med ein trommis som er noko sinnsjukt på, så det blir ei opning med smell, fortel ein entusiastisk Søfteland.

ORBO er klar

Etter den kraftfulle starten vil Ole Reinert "ORBO" Berg-Olsen ta over scenen.

– Det blir utruleg gøy og kjekt å få ORBO med band på Torgfest på Øyro. Ole var innom i fjor og syntes at det var eit så fint initiativ i fjor at han sa ja til å vera med i år, seier Søfteland og Skorpen.

– Det er noko av det som er spesielt med torgfesten, at det er musikarar som står bak den. Det gjer at vi får heilt andre synergiar enn på andre festivalar. Eirik og Olav får med seg andre artistar på ein heilt anna måte enn eg ville klart om eg skulle ha booka sjølv, skyt Lindborg inn.

Gler seg til å spele med souldronninga

Eit anna resultat av det er at dei får med seg Gina Aspenes på sang og Kim Gulbrandsen på keyboard når dei sjølv skal på scenen med Jens Aasmundset i Undercover.

– Gina skal vera med oss og gjera nokre låter. Vi har sagt at då må vi gjera det ho er best på. Når du trass alt får med deg souldronninga så er det jo hol i hovudet å ikkje la ho skine. Det blir utruleg tøft å få spele saman med ho.

– Vi har jo ei ganske lausleg speleliste, så vi går på til slutt etter at The Untochebl(u)es har gjort sitt legendariske comeback. Det artige med dei er jo at det blir lengre og lengre siden dei spelte saman sist for kvar gang vi pratar med deg, ler Søfteland.

Familiedag på dagtid

Torgfesten startar med konsertar klokka 18 og held på fram til klokka 23.

– Etter det skjer det jo masse vidare utover kvelden, både på Empire, Catten og dei andre uteplassane i Os, så det er inga grunn til å gå heim tidleg.

Sjølv reknar dei med ein lang dag på Osøyro.

– Vi må tidleg opp og rigge scenen, for planen er at vi allereie klokka 12 skal gjera nokre ting for barn og familiar. Ikkje alt er spikra enno, men eg og Jens tek nokre låtar, i tillegg til at har vi eit par overraskingar på lur, seier Eirik Søfteland.

– Dette er midt i blinken for kva vi ønskjer at Osøyro skal vera i mai. Fullt av liv og røre for heile familien, supplerar sentrumsleiaren før dei tre fortel at billettsalet har gått ganske bra.

– Vi har no seld rundt 100 billettar til arrangementet på kvelden. Det på dagtid er gratis. Finvêret er bestilt, så det blir ingen grunn til å sitta heime 26. mai, avsluttar dei tre.

Fleire saker