DET BLIR VM-FEST I VOGNHALLEN!
– No treng vi folk til å vere med å hjelpe til både før, under og etter arrangementet, seier Brenne.


At Norge er vidare til kvartfinalen er eit faktum, og laurdag klokka 23.00 møter vi England i Miami.
Det som òg er eit faktum, er at Os fotball og Catten skal arrangere VM-fest i Vognhallen.
– Det blir århundrets fest i Vognhallen! seier Endre Brenne, dagleg leiar for Os fotball.
Han stadfestar at Glimt Event AS skal levere 30 kvadratmeter med LED-skjerm, stortelt og bord- og benkesett til kvartfinalen.
Sidan kampen går midt i feriesesongen treng arrangørane frivillige.
– No treng vi folk til å vere med å hjelpe til både før, under og etter arrangementet, seier Brenne.
Ofra ferien
– Eg og Torbjørn Hjelle kjem heim frå Spania torsdag morgon. No ofra vi Tysnesfest for å lage til folkefest for sambygdingane, seier Ivar Bøthun i Glimt Event AS frå solsenga.
– Det er kjekt å stelle i stand noko lokalt. Vi slepper armar og bein for å få til dette her, seier Bøthun.

Han synest derimot litt synd i kona si, som hamna i andre rekke på bursdagen.
– Eg har brukt opp to telefonbatteri i dag, så eg får spandere ein finare middag på ho i kveld.
Bøthun fortel at dei har fått forespørslar frå Sandnes til Åsane, men det lokkar mest å gjere det på heimebane.
Fusa lyd og lys ofrar på si side den eine helga dei hadde sett av til ferie for å levere utstyr.
– Vi har samarbeid med Øyafest frå før, så det er dei som har dratt lasset, og då blir vi med og hjelper til så godt det går, seier medeigar i Fusa lyd og lys, Odd Joar Glesnes.
– Vi hadde eigentleg ein forespørsel frå Sandnes, men då spørsmålet kom frå Os, valde vi å prioritere det. Dette er kjekt for både store og små! avsluttar medeigar Remi Tveit.