Næringsliv | 01. sep. 2016

– Det einaste som manglar er kjøtt og fisk

Nye Europris Os har form som ein daglegvarebutikk, meiner nokre av kundane, som i dag sto i kø før opning.

– Det einaste som manglar er kjøtt og fisk
Det var kø utanfor før opning og innandørs samanhengande utover opningsdagen i dag. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 01. sep. 2016 10:56

Bildeserie:

I nytt tilbygg har Europris lokalisert seg på eitt plan. (Foto: KVB)
I nytt tilbygg har Europris lokalisert seg på eitt plan. (Foto: KVB)
May Britt N. Skåla er svært nøgd med den nye butikken og opningsdagen. (Foto: KVB)
May Britt N. Skåla er svært nøgd med den nye butikken og opningsdagen. (Foto: KVB)
– Det ser ut som om utvalet har auka mykje, synest Kristina Hovland. (Foto: KVB)
– Det ser ut som om utvalet har auka mykje, synest Kristina Hovland. (Foto: KVB)
– Det er berre kjøtt og fisk som manglar no, seier Terje Bolstad. (Foto: KVB)
– Det er berre kjøtt og fisk som manglar no, seier Terje Bolstad. (Foto: KVB)
Tim Lunde Borgen fyller på med kaffi. (Foto: KVB)
Tim Lunde Borgen fyller på med kaffi. (Foto: KVB)
1 av 5

Europris på AMFI Os opna i dag ny butikk i nytt tilbygg ved senteret. Den største forskjellen er at alt er samla på eitt plan, storleiken og vareutvalet er omtrent det same.

Likevel ser kundane ut til å ha eit heilt anna inntrykk.

– Eg har nett kome inn her. Førsteinntrykket er at her var det veldig mykje varer, seier Kristina Hovland og let blikket streifa over den store sjampohylla.

Terje Bolstad var på veg til kassen med ein koffert. Han lurer på å ta ein sydentur, og synest den nye butikken er heilt suveren.

– Eg handlar alt mogleg her, både verktøy og litt mat. Sånn butikken ser ut no så er det berre kjøtt og fisk, som manglar, seier Terje og ler.

Såg lyset

I innspurten på byggeprosessen har Europris Os halde stengt. Før opninga i dag var det kø utanfor det nye inngangspartiet.

– Det har vore ein fantastisk dag til no, med veldig mange kundar og overveldande fine tilbakemeldingar, seier innehavar May Britt Nymark Skåla.

– Opningstilboda har lokka, men folk handlar mykje av dei andre varene òg. Kundane legg tydelegvis merke til det same som oss som jobbar her, vi såg ikkje kor mørkt det var i førre lokale før vi såg kor lyst og fint det er her.

Opprustinga av Europris-butikken på Amfi er berre ei av mange moderniseringar i kjeda. I 2009 blei 51 butikkar bygd om og modernisert, 9 nye butikkar har kome til og 7 har blitt relokalisert.

– Eg er veldig nøgd med at butikken både har blitt enklare for oss å driva og meir oversikteleg for kundane, som skal finna fram, seier May Britt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.