Næringsliv | 17. juni 2020

– Det er no det startar

Ravneberghaugen kan endeleg kalla seg Miljøfyrtårn.

– Det er no det startar
Ordførar Trine Lindorg overrekte Miljøfyrtårn-prisen til dagleg leiar ved Ravneberghaugen, Ranveig Klingsheim. (Foto: ØH)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandonsdag 17. juni 2020 10:25

Ravneberghaugen - senter for meistring og rehabilitering, fekk måndag tildelt beviset for at dei endeleg kan kalla seg ei miljøfyrtårnbedrift. Etter å ha jobba med dette prosjektet i eit heilt år, er gjengen på Ravneberghaugen glad for å vera i mål.

– Det hor vore veldig intensivt sidan midten av februar og fram til no. Vi sit igjen litt som når vi er nett ferdige med å feira etter å ha gjennomført ein stor eksamen, litt tom og matt, seier dagleg leiar ved Ravneberghaugen, Ranveig Klingsheim.

Fleire ansatte ved Ravneberghaugen vert satt pris på for sitt arbeid det siste året. (Foto: ØH)
Fleire ansatte ved Ravneberghaugen vert satt pris på for sitt arbeid det siste året. (Foto: ØH)

Konsekvensar og ringverknader

Det har vore mykje som har måtta koma på plass for å få diplomen.

– Det berører fleire delar av drifta dette. Berre som byggeigar får det konsekvensar for alt frå vedlikehald og val av maling, til kva bedrifter vi leiger inn til gjennomføring.

– Dette stiller krav til alle partar, det vert rett og slett store ringverknader som skal tene miljøet.

– I tillegg har vi blitt sertifiseret som helseverksemd, det heng i hop med å bruka minst mogleg eingangsutstyr, og heller gå over til utstyr som kan vaskast og brukast på nytt.

Med fleire andre små og store tiltak vert òg dagleg leiar direkte berørt av denne omlegginga av blant anna kildesorteringa.

– Ja, eg har til dømes ikkje lenger bosspann på kontoret mitt, eg må inn på eit eige rom og sortera alt frå papiravfall og matavfall.

Ranveig Klingsheim hadde mykje på hjartet under gårsdagens festdag på Ravneberghaugen. (Foto: ØH)
Ranveig Klingsheim hadde mykje på hjartet under gårsdagens festdag på Ravneberghaugen. (Foto: ØH)

Framtidig konkurransefortrinn

Ordførar Trine Lindborg var òg tilstades under markeringa og delte ut sertifiseringsbeviset.

– Dei mest miljøvenlege produkta er ofte dyrare og meir tidkrevjande. Men i det store biletet, når vi legg saman alle tiltaka, vert det gevinst. Vi må standardisera, systematisera og bevisstgjera.

– Tildelinga Ravneberghaugen får i dag trur eg vil gjeve eit konkurransefortrinn i framtida, når ein skal signera kontraktar og avtalar med ulike bedriftar og samarbeidspartnara, påpeika Lindborg.

Ordførar Trine Lindborg kom med mykje skryt. (Foto: ØH)
Ordførar Trine Lindborg kom med mykje skryt. (Foto: ØH)

Det er no det startar

Konsekvensane ved å bli eit miljøfyrtårn er fleire, og styreleiar Ivar August Bye bemerkte dette i sin tale.

– Eg veit at dette har vore eit stort stykke med arbeid, og vi har all grunn til å gratulera alle saman som arbeidar her på Ravneberghaugen. Men det er no arbeidet startar, dette skal implementerast, utviklast og internaliserast til å vera vårt eige signaturmerke. Lykke til, folkens! sa Bye i sin tale til dei tilsette.

Styreleiar Ivar August Bye oppmoda Ravneberghaugen sine ansatte til at det er no det heile startar. (Foto: ØH)
Styreleiar Ivar August Bye oppmoda Ravneberghaugen sine ansatte til at det er no det heile startar. (Foto: ØH)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.