Kultur | 23. juni 2014

– Det er så nydeleg her

Selfie med eingongskamera: To pene fruer frå Bergen foreviga stemninga på den folksame sankthansfeiringa i Vikjo.

Anne Sofi Grieg Moe (t.v.) tok selfie av seg og venninna Madel Tangen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 23. juni 2014 20:13

Bildeserie:

I fjor var det regn på sankthansaftan, i år var det full klaff og mykje folk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ole Tobias fyrte i bålet klokka 16. (Privat foto)
Mange tok middagen i Vikjo i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Fire grillar sto klare. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Utan scene i år, men med like god musikk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Cheerleaderane var med på å laga go'stemning. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
I fjor var det regn på sankthansaftan, i år var det full klaff og mykje folk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ole Tobias fyrte i bålet klokka 16. (Privat foto)
1 av 6

I fjor kom folk med paraplyar, i år var det full klaff med vêret då Oseana og Os kommune for fjerde år på rad organiserte med større grillar og litt musikk i Vikjo sankthansaftan.

Dei gjorde det enkelt, utan scene i år, men dei tre som spelte trekkspel og fele skapte stemning rundt dei fire grillane som sto klare og varme klokka 16.

– Vi hadde annonsert at vi tente bålet klokka 16 og då var også grillane klare. Restauranten såg kor mykje folk som kom og lånte vekk sin, det same gjorde grunneigar Bjørn Moberg, så vi hadde fire grillar som fekk kjørt seg skikkeleg i ettermiddag, seier Oseana-direktør Ole Tobias Lindeberg.

– For ein nydeleg stad!

Ved grillen kom to fine fruer frå Bergen gåande. Så stoppa dei opp, fiska opp eit kamera frå veska og rigga seg til for å ta bilde av seg sjølv i lag.

Dei to eldre, men moderne damene kan nok neppe senda bildet som selfie med det første, bildet blei tatt med eingongskamera.

– Det er sånn fantastisk utsikt her, for ein nydeleg stad, seier Anne Sofi Grieg Moe (90).

– Vi er på tur med eldreheimen vi bur på i Bergen. Anne Sofi spelte ein nydeleg liten konsert til oss på flygelet etter middag, seier venninna Madel Tangen.

Tett med folk

Køkulturen ved grillane var god, trass i den storefolkemengda som fann vegen til Vikjo i dag.

Os Turn sine cheerleaderar styrte også i år aktivitetar for ungar, med ansiktsmaling og tautrekking.

– Det er kjekt når vêret klaffar og at så mange vil feira sankthansaftan saman, synest Lindeberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.