Kultur | 26. des. 2020

– Det er ulike måtar å få julestemning på

Åtvaring: kvalme scenar. Gjengen frå 5212 er tilbake med ny julehelsing.

– Det er ulike måtar å få julestemning på
Slick Iverson, NSB og Even parat til å skapa stemning.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 26. des. 2020 19:36

Vaksenbleie og jomfrufødsel i frekk kombinasjon var essensen i den forseggjorte musikkvideoen dei lagde to dagar før jul i 2012.

«Ei hårete helsing» skreiv vi om søftelandsrockarane sin versjon av «Et barn ble født i Betlehem».

Det var ikkje deira første, året før kom Deilig er Jorden og White Christmas seinare spelte dei inn På låven sitter nissen.

No er det nokre år sidan sist, men vesle julaftan la dei ut sin versjon av «Rudolph the red-nosed raindeer».

– Det avhenger av kor mykje festing det blir før jul. I år fekk vi ein periode vi var edru, og då blei vi produktive igjen, seier vokalist Slick Iverson.

Delar av bandet Glimmerskifer har deltatt i julevideoane, men bandsamansettinga har variert. I år blei det ein trio med Slick NSB og Even Hjertaas.

– Even er alltid på rett stad til rett tid. Eg gav han i oppgåve å vera kvalm, og då visste han kva som skulle til.

Pepsi og wienerpølser, toppa med Jack Daniels, var oppskrifta.

– Sjølv om Even har postnummer 5217, så gir han alt for julehelsinga frå 5212. Han tok så hardt i at det rauk fleire blodkar i auga, seier søftelendingen med kallenamnet Slick.

– Kva er det som avgjer val av låt?

– Det er om å gjera at vi ikkje vel låt før vi omtrent står klare til å spela inn. Sånn at det blir dårlegast mogleg. Denne gong fann vi ein halvfissen karakokeversjon av Rudolf, så då blei det den.

Han blir meir alvorleg når vi spør kva som er målet med desse versjonane av kjente julelåtar.

– Det er ikkje berre for å vera morosam, det er for å spreia stemning. Det er ikkje alle som kjem i julestemning av tradisjonelle ting, men dei kjem i stemning av rølpete humor frå kremidiotar som oss.

– Folk har spurd i fleire år om vi ikkje snart skulle laga noko nytt, og her har dei det.

Videoen er i skrivande stund sett 627 gongar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.