Lokal | 26. nov. 2018

Det første flate partiet på Ravneberghaugen

Frå problem til plen: – Denne plassen får mykje å seia for mange av pasientane våre.

Det første flate partiet på Ravneberghaugen
Ein liten plenflekk som kan få stor verdi, tett på hovudbygget på Ravneberghaugen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 26. nov. 2018 21:17

Bildeserie:

Ranveig Klingsheim. (Foto: KVB)
Ranveig Klingsheim. (Foto: KVB)
Pasientar tok turen ut for å få med seg opninga. (Foto: KVB)
Pasientar tok turen ut for å få med seg opninga. (Foto: KVB)
Sverre klipte snora. (Foto: KVB)
Sverre klipte snora. (Foto: KVB)
Så fekk folk testa graset. (Foto: KVB)
Så fekk folk testa graset. (Foto: KVB)
1 av 4
Ranveig Klingsheim. (Foto: KVB)
Pasientar tok turen ut for å få med seg opninga. (Foto: KVB)
Sverre klipte snora. (Foto: KVB)
Så fekk folk testa graset. (Foto: KVB)

Onsdag i førre veke var det tale, fanfare, snorklipping og servering.

Seremonien handla om opninga av ein plass som ifølgje Ranveig Klingsheim, dagleg leiar ved Ravneberghaugen, er meir enn ein plen.

– Vi har eit flott og fredeleg uteområde, med turløyper, skog og nydeleg utsikt. Men det er éin ting vi har sakna ei stund, sa Klingsheim i opningstalen.

– Ravneberghaugen er ein haug, vi har ingen flate parti. Det er ikkje alle pasientane våre som kan ta seg rundt i løypene og terrenget vårt. No har vi fått nettopp det, ein stad å ferdast til med rullestol, rullator eller krykker, anten ein vil slappa av, trena litt, kasta hestesko eller spela boccia.

Lekkasje og høg rekning

Utgangspunktet for etablering av plenen var eit uhell.

– På denne plassen var det ein gamal brønn og eit gamalt uthus. Vi får ikkje lenger vatn herfrå, men i 2016 fekk vi skyhøg rekning på vatn.

– Ein målar viste ei kraftig auke i vassforbruket, men då vi fekk avdekka at det var lekkasje på gamle rør, slapp vi heldigvis å betala dei 130.000 kronene.

Plassen kunne brukast til noko betre, og i august byrja arbeidet med å bygga mur og plen. At dei i oktober vann 10.000 kroner i gåvekort hos Plantasjen kom ekstra godt med, nokre av kronene er brukt til planter rundt plenen.

– Her får vi rehabilitering på fleire plan, vi har tatt ein øydelagt plass og bygd om til noko verdifullt, sa Klingsheim før Sverre Edvar Bång klipte snora og dei frammøtte fekk testa plenen.

• Les òg: Felte gledestårer over statsbudsjettet

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.