Det går ikkje så verst med kulturhuset vårt – heller ikkje økonomisk!
Direktøren utdjuper: Det kan sjå ut som vi driv med underskot. Det gjer vi ikkje.


Eit av dei første råda eg fekk då eg vart tilsett som kulturhusleiar for snart 13 år sidan, var å ha fokus på økonomien. Innhaldet i huset er sjølvsagt viktig, men dersom kulturhuset går med økonomisk underskot, spelar det lita rolle kor sterk den kunstnariske profilen er.
Oseana er organisert som eit kommunalt føretak med eige styre og eigne budsjett. I gode tider har vi fått behalde overskot, og i dårlege tider må vi dekke underskot med oppsparte midlar. Poenget er at vi ikkje skal belaste kommuneøkonomien utover det årlege tilskotet.
Først når underskotet overstig det vi har i oppsparte midlar, trer kommunen inn.
Dette har skjedd éin gong i husets historie – i 2023. Det er dette underskotet på 667.000 kroner kommunen har vedteke å dekke i 2025.
Alle dei andre 14 åra har vi klart oss innanfor dei økonomiske rammene – også i 2024! Vi snudde eit betydeleg underskot i 2023 til balanse i 2024, og det er vi stolte av.
Vi tek endra rammevilkår på alvor og justerer kursen i takt med økonomien.
Vi har kome oss gjennom to pandemiår utan publikum. Vi står i ein langt vanskelegare sponsorsituasjon no enn tidligare på grunn av økonomiske nedgangstider, samstundes som staten har fjerna gåveforsterkingsordninga.
I tillegg lever vi i ei generell dyrtid, med eit hus som treng jamleg oppgradering og vedlikehald.
Men slik er verda – endring og nye krav treng ikkje vere noko negativt. Enten så utviklar man eller så avviklar man og vi driv med det fyrste!
Midtsiden skreiv at rekneskapen for 2024 viser eit underskot på 1.596.858 kroner, som vart dekka av bunde driftsfond.
Regnskapsteknisk er dette ei utfordring for oss, fordi det kan sjå ut som vi driv med underskot. Det gjer vi ikkje.
Bundne fond er pengar som er søkt om og tildelt Oseana til spesifikke prosjekt – i 2024 primært frå Grieg Foundation – og er knytt til planlagd aktivitet. Pengane kjem inn i forkant av rekneskapsåret, og blir plasserte i fond fram til prosjekta vert gjennomførte.
Dekning frå bunde driftsfond er difor midlar frå året før, sette av til konkrete prosjekt, og som kjem inn i rekneskapen året etter.
Til dømes: Hadde vi ikkje fått tildelt midlar til innkjøp av streamingutstyr, hadde vi heller ikkje kjøpt det.
Vi har ein tydeleg strategi – vi veit kvar vi skal og kva oppgåvene er. Leveransen er eit mangfaldig kulturtilbod til innbyggarane som tek vare på både det profesjonelle og det frivillige kulturlivet i kommunen, med sunn økonomi i botn.
Barnesjukdommane er vi ferdige med!
Ole Tobias Lindeberg
Direktør, Oseana






