Lokal | 28. feb. 2018

– Det kan gå nokre dagar før isen er farbar

Trass sprengkulde i Os er fleire vatn eit godt stykke unna trygg is.

– Det kan gå nokre dagar før isen er farbar
Banktjørn i dag. Isen er tynnare enn 10 cm og ganske porøs, ifølgje Os brannvesen, som tysdag testa isen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. feb. 2018 12:14

I går var Os brannvesen og målte isen på fleire vatn i bygda.

– For å driva meir kontinuerleg kontroll har vi redusert talet på vatn, fortel Gitle Smaadal frå Os brannvesen.

Dei sjekkar no følgjande vatn for Os kommune; Ulvenvatnet sør (Moberg), Ulvenvatnet nord (Sigurdsvika), Banktjørn (ved Byvegen), Gåsakilen (Hjellemarka, nær E39 Byvegen) og Lekvenvatnet (Lekven, ved E39 Halhjemsvegen).

Berre Gåsakilen hadde tjukk nok is til at det i går blei skilta «trygg» eller farbar.

Kor tjukk må isen vera?

5 cm stålis kan så vidt halda vekta til éin person, ifølgje Norsk Folkehjelp. Enkelte ser på 10 cm stålis som trygg, men det er 15 cm som skal til for at kommunar som Bergen og Os ser på isen som farbar.

• Les òg: Isvettreglane

– I nordenden av vatnet, der vatn renn inn og ut, og langs dei bratte fjellsidene ned mot vatnet, var isen tynnare og utrygg. Her har vi merkt av med buskar som er festa i isen.

– Ganske dårleg is på Banktjørn og Ulvenvatnet

Brannvesenet sjekka òg isen på Banktjørn, og både nord og sør på Ulvenvatnet i går.

– Her var isen tynnare enn 10 cm, og den var noko porøs. Vi merka då vi bora gjennom isen at den har frose i fleire lag, og at det var luft mellom laga, fortel Smaadal.

Neste måling blir ikkje før på fredag.

– Det er mogleg at det blir trygg is på fleire vatn til helga, men folk bør halda seg unna isen før den tid.

Det er kaldare enn 10 minus i Os i dag, og det er meldt like kaldt fram til helga. Frå laurdag er det meldt noko varmare, men gradestokken skal halda seg på minus samanhengande ei veke fram.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.