Fotball | 13. feb. 2022

– Det kjem seg no

Lysekloster slo Fyllingsdalen i treningskamp.

– Det kjem seg no
Henrik Tysse Sperrevik, her mot Ready i serien i haust, skåra eitt av måla i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 13. feb. 2022 08:38

Lysekloster spelte laurdag sin fjerde treningskamp for vinteren.

Etter 2-1-siger over Stord og 0-1-siger over Os var ikkje trenar Ruben Hetlevik heilt nøgd. Lysekloster skapte for lite i kampen mot Stord og fekk ikkje til spelet sitt mot Os.

Men førre helg leia dei to gongar over Fana, og det var ein del å gleda seg over trass 3-4-tap.

I går tok dei imot Fyllingsdalen, som landa på 3. plass i Lysekloster si avdeling i haust.

– Eg er spesielt nøgd med første omgang. Vi var gode defensivt, vi klarte ofte å stå høgt på Fyllingsdalen, og vi hadde ballen mykje.

Måla kom i andre omgang.

Henrik Tysse Sperrevik og Abdulmajiid Kamal Abdulkadir skåra for Lysekloster.

Abdulmajiid Kamal Abdulkadir kom innpå og gav Lysekloster 2-0. Her mot Fana førre helg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Abdulmajiid Kamal Abdulkadir kom innpå og gav Lysekloster 2-0. Her mot Fana førre helg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Eg skulle ønskt at vi skapte endå fleire sjansar, men det var samtidig godt å ha kontroll på så mykje av kampen. Til no har treningskampane våre ganske hektiske, i går fekk vi øva meir på det å styra kampen.

Dei siste 25 minutta blei ikkje same fart i.

– Mange på laget har hatt korona, og nett kome tilbake. Det var ikkje alle på benken som hadde så god pust. Eg trur det var litt sånn på Fyllingsdalen òg, siste halvdel av andre omgang kunne vi klart oss utan.

– Men det er godt å likevel få spela, så får vi håpa det meste av sjukdom snart er overstått, at vi er friske og raske til NM-kvalik i mars og seriestart i april.

Lysekloster - Fyllingsdalen 2-0 (0-0)

Målskårarar: Henrik Tysse Sperrevik og Abdulmajiid Kamal Abdulkadir

Lysekloster frå start:
Vitalijs Melnichenko
Tobias Heltne Alme
Keith Groeneveld
Tom-Rune Sæle
Toni Takamäki
Håvar Kleppe
Lionel Kamanzi
Håvard Rinde
Erik Olaf Krohnstad
Henrik Tysse Sperrevik
Christian Dahl

Innbytarar med speletid:
Hamse Ali
Kaspar Bordvik
Tobias Nøss
Eskil Instebø
Abdulmajiid Kamal Abdulkadir

Treningsleir i utlandet blei diskutert før jul, men med smitteverntilak som blei skrudd på og av la Lysekloster planane frå seg.

Os skulle spelt treningskamp mot Øygarden i går, men spelarmangel grunna sjukdom gjorde at det ikkje blei kamp.

Lysekloster sin neste treningskamp går mot Sotra i Sotrahallen neste helg.

Lysekloster speler NM-kvalik borte mot Tertnes søndag 20. mars.

Seriestart er borte mot Vidar laurdag 9. april.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.