Dei siste tre åra har Pro Pyro organisert spleiselag i heimkrinsen Søre Øyane for å arrangera eit ekstra saftig fyrverkeri nyttårsaftan.
Bak Pro Pyro står Ole Marius Røttingen og broren Fredrik, som har følgt storebror sine fotspor og tatt pyroteknikarutdanning.
– I år har vi hatt rekordoppslutnad. Vi har ikkje talt opp alt, men ligg an til å landa på eit fyrverkeri til rundt 50.000 kroner, fortel Fredrik.
– Det er stor forskjell på 30.000 og 50.000 kroner. Ein del grunnkostnadar er det uansett, så dei siste kronene betyr mest for korleis resultatet blir.
– Kjekt for alle at så mange er med
Det var i 2011 av politimannen Ole Marius flytta frå Oslo og heim til Vestlandet. Med seg på lasset tok han hobbyen sin, som no har blitt ei lita bedrift.
– For det første synest eg det er veldig kjekt at det framleis er liv laga for eit spleiselag nyttårsaftan. I staden for at alle kjøper for ein halv tusenlapp eller meir til eige fyrverkeri i hagen, er det no rundt 20 husstandar i Øyane som spyttar i for å skapa noko større, som fleire har glede av.
– I tillegg er vi så heldige å ha oppslutnad også hos fleire bedrifter i Øyane. Inka og Dales Rederi er største bidragsytarar.
Ser etter lager i Os
Pro Pyro er framleis meir hobby enn butikk, men omsetnaden i år nærmar seg ein halv million kroner. Røttingen trur den vil auka neste år.
– Vi har hatt oppdrag på festivalar som Tysnesfest og Bygdalarm, bryggedans i Os og ulike markeringer hos verksemder som Statens vegvesen og Ikea.
– Også runde dagar og bryllaup er aktuelle fyrverkeri-kundar, og vi tar alt av søknadar, godkjenning og førebuing.
Brørne Røttingen vil no sjå etter fyrverkeri-lager i Os.
– Då kan vi få kjøpt inn større volum, fleire spennande variantar og til betre pris.
– Korleis er tilbakemeldingane? Kva er folk mest gira på?
– Dei liker både djupe drønn og spektakulære formasjonar på himmelen, men det som går mest igjen er desse som blir forma som ein smiley.
– Vi har smileys i år òg, men du må fyra opp ganske mange for at alle skal sjå dei, for det er alltid nokon som ser dei frå sida og då viser berre ein strek.
Sjå video frå tidlegare fyrverkeri:
Har du problem med å venta til nyttårsaftan?
Her kan du sjå video frå demo på Ulven i 2011, fyrverkeri i Øyane i 2012-2013 og fyrverkeri i Os hamn under bryggedansen i juni i år. Alt av Pro Pyro.
Åtvaring: Fyrverkeriet i Øyane i morgon blir større enn alle desse.
– Dette er tredje året vi har fyrverkeri i Øyane. Første året var på høgdedraget på Leite på Røttingen, i år gjer vi som i fjor, fyrer av frå flåte på sundet mellom Sundøy, Bruarøy og Røttingen.
– Det er kjekt å sjå korleis dei som vil stå nærmare kjem i tog innover vegen for å stå på snuplassen på Bruarøy eller på brua, det er nesten som eit fakkeltog som kjem innover vegen.