Kultur | 17. juli 2009

Det koker hos Valle

I 22-tida fredag var det nesten utselt på Søfteland Rock 'n' LoL. På "drus kæmp" er det rundt 40 telt og yrande stemning.

Det koker hos Valle
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 17. juli 2009 21:47

Bildeserie:

1 av 10

Det starta med 200 publikummarar i hagen til foreldra til brørne Lindborg, for så å auka til 600 under festivalen på garden til Olav Valle i fjor. Allereie første kveld blei det selt over 550 billettar.

- Vi har løyve til 600 per kveld, og det er ikkje mange billettane igjen, sa Andreas Lindborg til midtsiden.no fredag i 22-tida.

Lars Vaular fekk full fyr i publikum allereie klokka åtte om kvelden, ein time etterpå gjekk osingane i Manheads på scenen.

- Eg har høyrt mykje om denne gjengen før, men aldri fått med meg musikken deira, seier ein festivaldeltakar frå Bømlo.

Han valte Søfteland framfor offshoresirkuset i Arendal denne helga, og det er han og kameraten glad for.

- Festivalen er jo heilt utruleg og Manheads imponerer noko sinnsjukt! meiner gjestane frå sør.

- Dette er sjarm, ein intimfestival, ikkje av amatørar, ikkje av proffar, men på ein måte som gjer Søfteland Rock 'n' LoL til det største som skjer innan rock på Vestlandet, meiner rockeveteran Kjell Engelsen Moberg frå K-Jell.

Fleire han har snakka med i rockemiljøet i Bergen er einig, og mange har rydda mykje som høyres spennande ut frå kalenderen for å få med seg den kraftig veksande rockefestivalen, med den stemningsfulle kæmpen ved Bergstøvatnet på Søfteland.

Har du vore på festivalen på Søfteland? Logg (sjå korleis øverst til høgre på sida) inn for å skriva di meining om arrangementet, eller om artistane sine prestasjonar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.