Tom Cato Karlsen tok første spadetak på E39 Svegatjørn-Rådal i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Det kom uverkeleg brått på

Ein rørt ordførar Terje Søviknes (Frp) kunne knapt tru at det i dag var byggestart på ny E39 mellom Os og Bergen.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Statssekretær Tom Cato Karlsen (Frp) i samferdsledepartementet tok i dag første spadetak på E39 Svegatjørn-Rådal.

Oppdragsgjevar Statens vegvesen ved regionvegsjef Helge Eidsnes var vertsskap og gav ordet til både fylkesordførar Tom-Christer Nilsen, fungerande ordførar i Bergen kommune, Tor A. Woldseth (Frp), ordførar i Os kommune, Terje Søviknes (Frp) og Implenia-direktør Pette A. Vistnes.

Men først kom Eidsnes med litt historikk, om dei første skissene i 1961, om korleis prosjektet vaks frå to til fire felt og korleis dei siste brikkene i fjor kom på plass.

– Eg sa det til Gustav (Bahus, partikollega og leiar for samferdsleutvalet i fylket) på veg ned; dette kom jaggu brått på. Det er nesten uverkeleg etter så mange arbeidstimar i 16 år at vi no faktisk kan byrja, seier ein rørt Terje Søviknes til Midtsiden etter spadetaket, som det såg ut som om han hadde litt lyst å hjelpa Karlsen med å ta.

Positive milepælar

Søviknes fortel om eit hemmeleg møte på Solstrand som ein av dei mest positive milepælane i prosjektet.

– Då vi opna E39 Moberg-Svegatjørn, med Liafjellstunnelen og brua over Ulvenvanet i 2001 så trudde vi omtrent at det skulle gå direkte over i Svegatjørn-Rådal. Sånn gjekk det jo ikkje.

– Milepælen kom då den gong regionvegsjef Ole Christian Torp i 2003 samla fylkesordførar og ordførarane i Os og Bergen til eit hemmeleg møte på Solstrand Hotel og Bad. Temaet var finansiering og bompengar, og Høyre hadde nyleg kome i posisjon både i Bergen kommune og på fylkesnivå.

– Kven konfererte du med på førehand, før du sa ja til bompengar? Ringte du til Carl eller Siv?

– Nei, he, he! Men eg tok jo naturlegvis ein runde med mi eiga styringsgruppe. Dette med bompengar måtte til, men vi har vore heldige. Mens vi har 40/60 bompengar/statlege midlar går dei i Sotrasambandet no mot 80/20 bompengar/stat.

Den andre positive milepælen kom i Søviknes sine auge i fjor, då han etter å ha jobba hardt inn mot samferdsleminsteren, fekk sletta kravet om innkreving av bompengar i byggeperioden.

– Dette var ein stor siger, ikkje berre for næringsdrivande, men for pendlarar som i minst fem år framover kjører gratis mellom Os og Bergen.

Miljøgevinst som bonus

Mellom talane, mens dei venta på første spadetak og på rett timing på talen, som skulle sendast direkte, blei det ein ekstra munter tone mellom dei politiske leiarane som sto oppstilt.

– Vi får ein liten og hyggeleg miljømessig bonus i Bergen, med nytt avlaupssystem, produksjon av biodrivstoff og ny terminal på ein av riggplassane, sa ordførar Woldseth i Bergen.

– No er det vel strengt tatt våre bussar, sa fylkesordførar Nilsen

– Nei. At de får låna bussar og bybane av oss er greit, men dette er Bergen sin kollektivtransport, slengte Woldseth tilbake. Mens tilhøyrarane lo godt.

Tryggleik og tempo

Tom Cato Karlsenhade hadde i sin tale fokus på tryggleik og «mental gevinst» til dei som slepp å stå i kø når ny veg står klar.

Før han tok første spadetak presiserte Implenia-direktør Petter A. Vistnes at ikkje heile prosjektet skulle fullførast med spade.

– Då hadde bygginga tatt lengre tid enn planlegginga, sa Vistnes, og hausta god respons.

1. oktober startar Veidekke bygginga frå Os-sida. Det vil i starten på oktober også bli ei lita markering i Os.

Midtsiden samleside: E39 Svegatjørn-Rådal

 

Fleire saker