Lokal | 13. feb. 2014

– Det krevst eigeninnsats

Karen Hope Nilsen har allereie 24 deltakarar i frisklivssentralen. – Det skal vera eit lavterskeltilbod med høg kvalitet.

– Det krevst eigeninnsats
Karen Hope Nilsen er godt i gang på Frisklivssentralen (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 13. feb. 2014 11:32

– Men ei livsstilsendring krev eigeninnsats.

– Fleire av dei som kjem til meg får skriftlege heimelekser. Ein ting er å tenkje tankane, men du blir mykje meir bevisst når du får det ned på papiret, forklarte leiar av frisklivssentralen, Karen Hope Nilsen til tenesteutvalet torsdag.

Les òg: Ingen fanatikar

Ingen vil slutta røyke

Frå oktober til nyttår har Hope Nilsen nytta tida til å planlegga og byggje opp frisklivssentralen. Først i januar tok ho til med kursa og aktivitetane i sentralen.

– Så langt er det ingen som har tatt kontakt for å få hjelp til å slutta røyke eller snuse, men på dei andre områda har det vore god interesse.

– Eg har 11 deltakar på livsstilskurset kor vi møtast ein gong i veka fram til sommaren.

– Fleire er og med å turgruppa på onsdagane, fortalde Hope Nilsen.

– Kontakt den feite direktøren

Hope Nilsen fekk skryt av tenesteutvalet.

– Dette er fantastisk. Eg håper du i løpet av året får tid til å kontakta skulane, kanskje ungdomsskulane spesielt, i høve søvn og kosthold. Det trur eg vi kan få god gevinst av, kommenterte Anders Hjelle (TvS).

– Eg trur noko av utfordringa kan bli å gjera tilbodet godt nok kjend.

– Oppsøk bedriftane i Os.

– Eg er sikker på at du vil vera velkomen hjå han feite direktøren som treng røra seg, eller han medarbeidaren som har tenkt han skal slutta røyke i tre år, men enno ikkje gjort det.

– Malarane til Anders kostar han heilt sikkert eindel om dei stadig tek røykepause, meinte Oddgeir Bjoravik (Frp).

– Om malarane bur i Os er det ingenting i vegen for å laga eit røykesluttkurs for dei, svara Hope Nilsen.

Saknar menn og born

Sjølv om 11 menn deltek på aktivitetane til frisklivssentralen saknar Hope Nilsen fleire menn.

– Eg kunne ha lyst til å laga ei eiga herregruppe, men de menn skal liksom ikkje delta på slike ting.

– Ei anna gruppe som ikkje har teke kontakt er barn og unge eller foreldra deira.

– Frisklivssentralen skal vera eit lågterskeltilbod kor alle kan henvenda seg, avslutta Karen Hope Nilsen.

Tilbodet omfattar både kurs, fysisk aktivitet og individuell eller gruppebasert rettleiing.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.