Bjørn Sivertsen og Bjørnafjorden eldreråd ber politikarane finna andre postar i budsjettet der ein kan kutta. (Foto: privat)
Bjørn Sivertsen og Bjørnafjorden eldreråd ber politikarane finna andre postar i budsjettet der ein kan kutta. (Foto: privat)

– Det må være mogeleg å finna andre postar i budsjettet der ein kan kutta

Lesarinnlegg: – Vi i Bjørnafjorden eldreråd reagerer sterkt på framlegget til budsjett 2021 der det vert foreslått å kutta i sentrale tenester for innbyggjarane.

Kjetil Osablod Grønvigh
31. oktober 2020 - 8:41

Prosjektet Bjørnafjorden 22 handlar om å redusere kostnader, omstilling og endring. Det har vi full forståing for. Vi vert likevel sterkt uroa når det blir foreslått å fjerna fleire livsviktige og lovpålagte tenester (jamfør Kommunehelselova) innan helsefremming og rehabilitering.

Dette er etter vårt syn også sterkt i strid med kommunen sitt eige strategidokument som seier at vi skal satse på førebyggjande arbeid og tidleg innsats.

Budsjettet for 2021 legg opp til å fjerna fylgjande stillingar innan områda «Helsefremming og rehabilitering»:

  • Fjerna stillinga Tryggleikssjukepleiar
  • Kutta i Diagnosespesifikke stillingar: 
  • kreftteam
  • kolsteam 
  • diabetesteam
  • Fjerna stillinga Kreftkoordinator

Dette er tenester som i høgste grad er fyrstelinjetenester og som har sterk førebyggande effekt, og som gjev nærleik og tryggleik til både brukarar og pårørande. Den kortsiktige økonomiske gevinsten ved å redusere satsing på førebygging, tidleg oppdaging av funksjonsnedsetjing og å fjerna tverrfaglege tilbod til sårbare grupper, vil heller føre til auka kostnader for kommunen på lengre sikt, og vil påføre sårbare grupper auka lidingar og redusert livskvalitet.

Det må være mogeleg å finna andre postar i budsjettet der ein kan kutta, utan at det får slike dramatiske konsekvensar for ei av kommunen sine kjerneoppgåver. Vi vert ein fattig kommune om desse kutta i helsefremming og rehabilitering vert vedtekne. 

Med helsing for Bjørnafjorden eldreråd

Anne Frotveit, Astrid Leikvoll, Bjørn Sivertsen, Eivind Moberg, Elsie Krey Solnes Grotle, Marianne Hjelle og Ove R. Nielsen.