Kultur | 13. feb. 2018

Det nye «ungdomshuset» i Os

Bursdagsfestar, russetreff og andre lukka lag har blitt den viktigaste delen av drifta til Empire.

Det nye «ungdomshuset» i Os
Bjarte Andersen, Tom-André Hjelle Nytræ og Christer Hjelle på Empire. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 13. feb. 2018 21:40

I august i fjor opna Catten-eigar Bjarte Andersen sin andre utestad i Os. Med fast 18-årsgrense og maksalder på 25 år rettar Empire seg tydeleg mot dei yngste.

Enkelte kveldar er likevel nesten halvparten av gjestane under 18 år. Tysdag kveld har dei tilsette tatt imot fleire titals samtykkeskjema frå foreldre til 17-åringar som skal på feiring av dobbel 18-årsdag på Empire fredag.

– Vi har nulltoleranse for dei under 18. Tar dei seg éin slurk av alkohol så er det rett ut. Då blir dei også utvist fram til dei er 18 år pluss tre månadar etter sin eigen 18-årsdag, seier vakt Tom-André Hjelle Nytræ.

Ungdomen må òg møta edru. Er dei utandørs og går rundt hjørnet ein tur, kjem dei ikkje inn igjen.

– Heldigvis har det fungert veldig fint! Når vi har lukka lag kjem gjestane tidleg, det er gjerne kø bort heile gata her. Då har vi òg kontroll på dei heile kvelden. Ungdomen oppfører seg også nærmast eksemplarisk mot kvarandre, og er det tillaup til bråk så er dei enkle å få til å roa seg.

Byr på fire rapparar frå Bergen

Ein av dei som snart skal feira 18-årsdagen sin er ein av dei tilsette, Christer Hjelle.

– Eg tar det på ein laurdag, på ein kveld der det er ope for alle, seier Christer, som har vore DJ på utestaden sidan opninga.

Christer gjer litt ekstra ut av festen og byr på livemusikk med fire ulike rapparar frå Bergen; Swicha Artista, Unge T, Galexy og BRVG (Brage).

– Nokre av dei er ganske ferske, andre har vore med på låtar med ganske kjente namn før. Eg gler meg veldig sjølv, og eg håper gjestane vil lika ein livekveld med rap, seier Christer.

Ønskjer å vera eit trygt alternativ

Mens laurdagen er open for alle er fredagane sett av til lukka lag. Allereie dagen før opning i august blei den første bursdagsfesten halden på huset, utover hausten var det rundt eitt lukka lag i månaden.

– No har det tatt seg veldig opp, frå smikkfullt russetreff førre helg til dobbel 18-årsdag no på fredag. Så går det slag i slag med bursdagsfestar og russekro kvar helg fram til påske, fortel Bjarte.

Lokalet blir lånt vekk gratis. Kronene tener Empire på å krevja inngangspengar og på å selja alkohol til dei som er 18 år eller eldre. Litt brus og red bull blir det òg, på dei yngre.

– Samtidig synest vi det er greit å visa uteplassen vår både til dei som fyller 18 og dei som snart er gamle nok til å gå ut.

– Er dette å lokka ungdom på fest før dei er gamle nok?

– Eg trur heller dette er eit tryggare og betre alternativ enn å leiga eit ungdomshus. Der må du skaffa vaktar, vaska dagen etter og i tillegg er det gjerne enklare for mindreårige å drikka alkohol både innandørs og utandørs. Når festen er over hos oss er det dessutan kortare veg for ungdomen til buss, taxi og nattmat, dei blir ikkje gåande langs vegen på stadar utan verken lys eller fortau.

– Vi ser på responsen at dette er eit etterlengta tilbod, og så lenge ungdomen oppfører seg som no, vil vi halda fram med å ha fredagane reserverte til lukka lag, seier Andersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.