Lokal | 20. jan. 2019

– Det piplar vatn ut av veggen

Stengde kranen til 18 husvære: Brannvesenet rykte ut etter vasslekkasje i Brugata.

– Det piplar vatn ut av veggen
Det eine feltet av Hatvikvegen var delvis blokkert, men no er bilane flytta. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 20. jan. 2019 16:41

Bildeserie:

Ein dam i 3. etasje fekk bebuar til å ringa brannvesenet. (Foto: KVB)
Ein dam i 3. etasje fekk bebuar til å ringa brannvesenet. (Foto: KVB)
Klokka 17.15 hadde brannvesenet framleis ikkje funne feilen. (Foto: KVB)
Klokka 17.15 hadde brannvesenet framleis ikkje funne feilen. (Foto: KVB)
1 av 2
Ein dam i 3. etasje fekk bebuar til å ringa brannvesenet. (Foto: KVB)
Klokka 17.15 hadde brannvesenet framleis ikkje funne feilen. (Foto: KVB)

Søndag i 16.30-tida rykte Os brannvesen ut til Hatvikvegen og Brugata etter melding om vasslekkasje.

– Eg skulle ut eit ærend då eg oppdaga at det var ein stor dam i gangen, fortel ein av dei som bur i leilegheitsbygget.

– Det piplar vatn ut under ein av stikkontaktane i gangen.

Restaurant og 18 husvære utan vatn

Brannvesenet stengde hovudkranane og 18 husvære var utan vatn. Straumen blei ikkje kopla ut.

– Det var mange kranar å stenga, og vi har førebels ikkje funne feilen, seier Gitle Smaadal frå Os brannvesen i 17.15-tida.

Dammen som avslørte lekkasjen er i 3. etasje. På gateplan ligg Capri Restaurant, som i skrivande stund har nesten fullt hus.

– Dei har tatt vatnet hos oss òg. Vi klarer oss greit ei lita stund til, men eg håper dei opnar vatnet igjen om ikkje så lenge, seier innehavar Mustafa Erpolat.

– Det byrjar å minka på tallerkar, så vi skulle fått køyrd oppvaskmaskina snart.

Det eine feltet av Hatvikvegen var delvis blokkert ei stund, men brannvesenet flytta bilane sine før klokka 17.30.

– Mykje vatn ned til Nav

OPPDATERT: Litt før klokka 18 blei vatnet opna igjen i heile eller delar av bygget.

Klokka 18.50 fortel brannvesenet at feilen er funnen.

– Det var lekkasje i kjøkkenbenken i eit av husværa. Der var det ingen heime, men styreleiar låste oss inn, fortel Smaadal.

Både i husværet og i delar av næringsarealet i etasjen under, der Nav leiger, var det mykje vatn.

– Vi har fått sugd opp mesteparten av overflatevatnet. Vaktmeister har overtatt og tar prosessen vidare med forsikringsselskap.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.