Lokal | 09. nov. 2015

Det såg mørkt ut for lysa på Borgafjellet

I fjor opplevde Os Kulturutvikling både motbakke og opptur. Også i år såg det ei stund spøkje ut for dei stemningsskapande lyslenkene.

Det såg mørkt ut for lysa på Borgafjellet
Nytt utstyr er montert i masta, linene er tatt ned og lynet har slått ned i sikringsskapet til lenkene. (Foto: KVB/privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 09. nov. 2015 20:56

Reaksjonane var mange og kraftige då det i fjor ikkje såg ut til å bli tenning av lyslenkene i masta på Borgafjellet.

Men så fekk ei tilflytta eldsjel klart opp i misforståinga hos Telenor, som eig masta, og hos Eltel Sønnico, som driftar masta.

Mange stilte opp for å hjelpa, også Opptur Motbakkeklubb, som jogga ein snartur til fjells i kuling og regn så høvdingane i kulturutviklinga skulle sleppa den tunge børen. Søndag 14. desember, to veker seinare enn normalt, blei lysa tent.

– Det har blitt montert meir utstyr i masta, og i samband med dette er visst sjaklane og linene våre tatt ned igjen. Det såg mørkt ut, men vi skal ha styremøte måndag om ei veke, så får vi sjå, seier Georg Jørgensen.

– Eg er på reise, men du kan jo høyra med Leif Ragnar Tveit, om han har oppdatert informasjon. Uansett er det ein del praktisk arbeid som gjenstår, blant anna må lenkene ned frå fjellet for å sjekkast og bytast pærer på, og opp igjen for montering, legg han til.

Lynnedslag og klatretur

Leif Ragnar fortel at nye søknadar er både sendt og godkjent hos Telenor og Eltel Sønnico.

– Eg har tatt lenkene ned og sett over pærene. Det er heldigvis få som må skiftast. Vi har berre lov å lata lyslenkene henga til 10. januar, og tok dei ned før orkanen Nina.

– Men vêrgudane som styrer området rundt Borgafjellet er hissige, så sikringsskapet har hatt over 40 i feber, fortel Leif Ragnar.

Lynnedslag har gjort skade, men Os Elektro skal opp og sjå på saka.

– Er det mange kostnadar med prosjektet?

– Det blir litt til lyspærer, men Os Elektro har aldri sendt oss ei einaste rekning, dei er ein viktig støttespelar.

Sjaklar og trekkeliner må likevel på plass, dette er det profesjonelle frå Eltel som må utføra. Og lyslenkene må opp igjen på fjellet.

– Det ser ut som om vi får det til, men eg trur nok vi kjem til å ringa motbakkeklubben igjen. Turen til Borgafjellet er jo nesten litt for lett for dei, så vi håper nokon frå klubben kan stilla i år òg.

Går alt som Os Kulturutvikling ønskjer så bli lysa tent søndag 29. november.

Visste du at ...
• Kvar av lyslenkene er 50 meter lange
• Det er til saman 300 lyspærer på dei tre lenkene
• Borgafjellet er 353 meter over havskorpa
• Kvart år sidan 1999, etter initiativ frå Arne Martin Holen, har det vore lyslenker i masta på toppen
Les meir om historikken til lyslenkene som Os Kulturutvikling eig og driftar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.