Lokal | 14. juni 2021

– Det ser ut som om alle svaneungane er vekke

Svanehjelpen ber om tips.

– Det ser ut som om alle svaneungane er vekke
Åse Tveit og Evy Søfteland fann svaneparet, men ungane er vekke. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 14. juni 2021 13:36

Midtsiden fekk måndag formiddag spørsmål om kvar svaneungane har blitt av. Svanehjelpen fekk same spørsmål frå ein tilsett ved Tanngarden, som har utsikt mot reir og beiteområde for paret som hekkar i Oselvo.

– Eg såg dei på laurdag, med alle fem ungane. No brukte vi tid på å finna dei, og fann paret åleine, seier Åse Tveit og Evy Søfteland.

Mor med det nyklekte kullet på seks ungar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògKull nummer 11 i Oselvo

Årets kull var på seks ungar, men dei var raskt nede i fem. No ser alle fem ut til å vera vekke.

– Om nokon har sett dei etter laurdag, er vi interesserte i å veta kvar, seier Åse, og ber eventuelle observatørar ringa 92051144.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.