«Sykkelbyen Os» eller «Sykkelbygda Os»? Harald Døsen (Ap) med Arne-Richard Stadaas i bakgrunnen. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

– Det skjer seg for meg når eg les «by»

Då plan- og bygningsutvalet skulle få siste nytt om «Sykkelbyen Os», løyste dette ut ein heilt annan diskusjon.

image
image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Tilbake i 2010 fatta plan- og bygningsutvalet (PBU) vedtak om å delta i «Sykkelbynetteverket».

Dette er eit nettverk for norske byar og kommunar som samarbeidar om å leggje tilhøva stadig betre til rette for auka bruk av sykkel. 

Til møtet i PBU førre veke var arealplanleggjar, Arne-Richard Stadaas, invitert til å greia ut om saka.

Utgått på dato

I dei førebuandse sakspapira skriv Stadaas at i 2011 vart planen for eit samanhengande sykkelvegnett på Osøyro og i nærområdet ferdigstilt, og vidare presentert for PBU.

Sykkelstrategien til Os kommune var den gongen diverre svakt forankra i organisasjonen, og det har med åra vore naudsynt med ein revisjon av heile strategien. Dei siste åra har Os kommune, saman med tre omegnskommunar, delteke i eit «Byregionsprogram».

Saman med Multiconsult har det blitt utarbeida ein rapport med klare anbefalingar for kva tiltak som bør prioriterast. 

Eit steg nærare med KLEM

Stadaas kunne fortelja at kommunen i nær framtid vil invitera Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen til kontraktsmøte for å signera den formelle Sykkelbyavtalen. 

Som ein del av kommunens nye klima-, energi -og miljøplan (KLEM), som snarleg skal ut på offentleg ettersyn, ligg det gode mogleheiter for å henta inn midlar til prosjektet. Om kommunestyret vedtek det, vil ordføraren søkja deltaking i eit ordførarnetteverk.

Nettverket, «Covenant of Majors», har direkte finansiering frå EU-parlamentet.

Stadaas kunne fortelja at ei typisk tilskotssats ligg på 50-90 prosent. 

– Om vi kan syna til ei framoverlent satsing på klima-, energi- og miljøtak, vil denne ordførar-deltakinga kunna løysa ut mykje god satsing på sykkel.

«Sykkelbyen Os?!»

Då det i utvalet vart opna for spørsmål, var det heller lite sykkel å spora. Her skulle det diskuterast namn - flisespikkeri eller ikkje. 

Harald Døsen (Ap) var raskast opp med neven; 

– Dette bør vi få til, men det skjer seg for meg når eg les «by».

– Vi må vera bevisste i kva for ord og namn vi nyttar. «Sykkelbygd» kan eg gå med på, og kall det gjerne for flisespikkeri, men for oss som bur her, har det mykje å seia. For dei som er tilflyttarar har det sikkert ikkje så mykje å seia. 

Stadaas kunne informara Døsen at det allereie er registrert to «sykkelbygder» i Noreg, men han var ikkje så sikker på om det var taktisk lurt å søkja denne løysinga.

Døsen lurte då på om kanskje «Sykkelstaden Os» ville vera eit namn som kunne passa her i bygda.

Trine Lindborg (Ap) kasta namnet «Sykkelkommunen Os» på bordet, og utvalsleiar, Gustav Bahus (Frp), kunne fortelja resten av utvalet at i Sverige er by faktisk det same som bygd. 

Herifrå og ut var heile utvalet samt einige om at dette no var blitt ein sjarmerande diskusjon. 

Terje Sperrevik (TVS) hadde sine tankar om namn som «Bydraget», «Strandstaden Os» og «Fjordbyen Os», men det var Espen Aspenes (Frp) som henta utvalet attende til den faktiske saka; 

– Eg vil gjerne sjå meir konkrete planar i denne saka, og då gjerne strekk for strekk.

– Eg vil òg koma eit kulepunkt til saka, kor vi får med at sykkelstrategien må vurderast ut i frå Bjørnafjorden kommune. 

Har allereie 1,3 millionar 

Før votering kunne Stadaas informera utvalet om at det allereie står 1,3 millionar på bok til dette prosjektet.

– Får vi eit vedtak i kommunestyret, så søkjer vi, avslutta Stadaas. 

Følgjande vedtak gjekk samrøystes vidare til kommunestyret: 

«Med bakgrunn i lokal og regional sykkelstrategi, samt konklusjonane frå kommunen si deltaking i Byregionsprogrammet, skal administrasjonen revidere kommunen sin sykkelstrategi frå 2011, og med bakgrunn i denne signere trepartsavtalen med Statens vegvesen og Hordaland fylkeskommune («Sykkelbyavtalen»). Sykkelstrategien må vurderast ut i frå Bjørnafjorden kommune.

Som del av revisjonsarbeidet skal det utarbeidast ein handlingsplan med konkrete og kostnadsberekna tiltak for å nå målet om at stadig fleire skal velje sykkel framfor bil som transportmiddel i Os. Handlingsplanen skal ha sitt eiga årlege budsjett, tilknytt og avklart gjennom kommunen sin årlege, ordinære budsjetthandsaming.»

Fleire saker