– Det starta med tjuveriforsøk
Biljakta som gjekk gjennom Os onsdag kveld starta med eit tjuveriforsøk i Kolskogen.
Minst fem politipatruljar var onsdag kveld involvert i ei biljakt som gjekk frå Moberg, via Skeie og Lysefjorden over Fanafjellet - og rett i grøfta.
To menn er tatt av politiet, begge er uskadd.
– Førar, ein mann i slutten av 30-åra, er tatt med til lege for blodprøvetaking, seier operasjonsleiar Preben Wallestad i Hordaland politidistrikt til Midtsiden.no.
Mannen har ikkje førarkort. Bilen er stolen frå ei adresse på Natland.
Passasjeren er ein mann i slutten av 20-åra. Begge er frå Bergen sør.
Prøvde å stela i Kolskogen
Biljakta starta med at politiet i Os fekk melding om forsøk på tjuveri av ei bensinkanne i Kolskogheiane.
– Meldar hadde jaga tjuvane vekk, men varsla politiet.
– Då patruljen tok igjen ein bil som likna den som blei skildra, og denne ikkje ville stoppa på signal, så starta jakta.
La ut spikermatte
Ein patrulje frå Bergen kom bilane frå Os i møte på Fanafjellet, og la ut spikermatter.
Etter å ha kjørt over desse enda turen i grøfta.
Her kan du lesa om biljakta og sjå fleire bilde frå arrestasjonen på Fanafjellet.