Sport | 30. jan. 2016

– Det var eit bra løp

Sverre Lunde Pedersen nøgd med 5000 meteren. – Det var eit bra løp, men eg mangla det siste giret.

– Det var eit bra løp
Ein fokusert Sverre Lunde Pedersen gjekk ein god 5000 meter (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 30. jan. 2016 17:24

Laurdag gjekk Sverre Lunde Pedersen 5000 meteren under verdscupen i Sørmarka Arena. Med tida 6.20.35 held det til fjerde plass, vel 2 sekund bak Ted-Jan Bloemen på bronseplassen.

– Det var eit bra løp og ei god tid, men eg mangla det siste giret for å ta steget opp på pallen som var målsettinga.

– Planen var å gå mest mogleg 29-runder, men eg var ikkje heilt der i dag, oppsummerar Sverre til Midtsiden.

Skulle hatt fleire løp i beina

Etter sjukdommen i samband med EM har det ikkje blitt så mange løp på osingen.

– Eg er ein løpar som går betre når eg har mange løp på kort tid. Då eg satte banerekorden her tidligare hadde vi hatt fem løpshelger på rad.

Sverre gjekk rundetidene ned utover i løpet, men ikkje nok til å ta att Bloemen.

– Formen er stigande, men eg gjekk tom for krefter på siste runden, difor spratt tida oppatt i 30,7 på den runden.

– No blir det å ligga her og trene fram til onsdag før eg kjem heim og held fram med treninga der før avreise til VM enkeltdistanser i Russland.

– Målet der borte er pallen på 5000 meter og lagtempoen. Eg trur ikkje eg kjem til å gå 1500 meteren der borte.

Vann gjorde ikkje overraskande Sven Kramer frå Nederland med tida 6.15.71, noko som er ny banerekord. Han drog med seg parkamerat Jorrit Bergsma inn til 2. plass på tida 6.17.60.

Sverre avsluttar verdscuphelga med 1000 meter søndag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.