Kultur | 25. juli 2012

– Det var intenst, men eg var heldig

Her kan du sjå heile kortfilmen Paradox og lesa kva Bjørø fortel om handlinga og den hektiske innspelinga.

– Det var intenst, men eg var heldig
Skjermskot frå filmen. Rolv Lyssand Bjørø innfelt. (Foto: Paradox/KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. juli 2012 12:18

Filmskapar Rolv Lyssand Bjørø har fått mykje merksemd for filmane sine det siste året.

Les òg: Til Russland med Paradox

Vil du sjå kortfilmen Paradox (cirka 20 minutt) kan du gå til Vimeo og skriva passordet "maur".

– Bruk fullskjermvisning og ei maskin med god lyd, anbefalar Bjørø, som brukte minst like mykje tid på lyddesign som på resten av produksjonen.

Fann grotte, kråker og elg

Bjørø lagde Paradox medan han var student, og brukte berre rundt 2000 kroner på produksjonen. Skodespelarane var blant dei som stilte opp gratis.

– Eg var veldig heldig med dei. Spesielt Nora Svalheim, som hadde ei veldig krevjande rolle, seier regissøren.

Han var også heldig med terrenget.

– Eg gjekk rett og slett opp i fjellet i Lofoten og leita etter ei grotte. Så fekk eg tips om ei som var lita, men heilt perfekt, og dessutan både med trekantan inngang og trekanta hol i "taket".

På synfaring oppdaga han dessutan eit skogholt i nærleiken med mykje kråker, og då dei byrja å fly i ring over hovudet hans, over grottetaket, kommanderte han fotografen til å filma.

– Opptaket blei mykje verdt, å gjenskapa dette autentisk, frå innsida av grotta, ville kravd mykje.

At dei den eine dagen møtte tre elg på utsida av grotta var også bonus, men ein snutt som ikkje blei tatt med.

– Talet tre går igjen ein del gongar i filmen, men eg var redd for at elgane, som ikkje sto i manus, ville blitt distraherande, sjølv om det var ei artig naturoppleving.

Intensivt

Paradox er ikkje berre spelt inn utan budsjett, den er spelt inn på berre tre dagar.

– Det var utruleg intenst, heile mannskapen var fullstendig kjørt etterpå, ler Rolv.

Og det var ikkje berre terrenget, folka og dyrelivet han var heldig med.

– I Lofoten skiftar vêret fort, men vi fekk akkurat det lyset og det vêret eg hadde håpa på desse dagane.

Uverkeleg, men verkeleg

Paradox, handling: Når ei ung kvinne klarer å overtala kjærasten til å rømma opp i fjella med ho for å kunna leva ut sin kjærleik, oppdagar ho at oppfatningane hennar ikkje heilt stemmer overeins med røyndomen.

Om du har sett filmen når du les dette er du kanskje fascinert av handlinga, bakgrunnen til jenta og kva som skjer vidare med ho.

Men om noko er litt uverkeleg i Paradox er sjølve innhaldet verkeleg.

– Det eg prøver å skildra er det å vera naiv og kjensla av å sjå seg sjølv utanfrå, spesielt i ei tid du er forelska, seier Bjørø, som har stått for både manus, regi, klipp og lyddesign.

– Det er berre du sjølv som opplever deg sjølv slik du gjer. Andre ser deg på ein annan måte. Om andre gjev deg tips er det kanskje vanskeleg å ta imot, livserfaring må for dei fleste opplevast for at dei skal ta lærdom frå den.

I Paradox får du sjå korleis det går om du puttar mykje livserfaring på same person på kort tid. Gradvis går du frå å leva deg inn i hovudpersonen sin ståstad til å delta i å sjå ho frå utsida, korleis verda og forholdet til kjærasten eigentleg er.

PARADOX
Regi: Rolv Lyssand Bjørø
Skodespelarar: Daniel Bianchini og Nora G. Svalheim
Kategori: Kortfilm
Produksjonsår: 2011
Speletid: 20 minutt

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.