Sport | 18. mars 2012

– Det var kjekt i dag!

Imponerte i Spania: Øystein Engevik gjekk 9 under par då han spelte seg opp frå 30. til 2. plass i årets første ECCO-tour.

– Det var kjekt i dag!
(Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamresøndag 18. mars 2012 14:31

Golfproffen Øystein Engevik spelte i helga årets første ECCO-tour på spanske La Manga. Etter dei første rundane låg golfaren frå Os eitt slag over par på 30. plass.

- I dag blei det ein skikkeleg klatreetappe, fortel ein nøgd Engevik på telefon frå Spania.

Spelet sat som det skulle og Engevik klatra jamt på resultatlista, til klubbkameratane frå Bjørnefjorden si store glede, der dei følgte runden via nettet.

- Sjølv om det gjekk kjempebra føler eg at eg har meir å gå på.

- Eg gjer ikkje dei store feila i dag og reddar meg fint inn når dei små feila kjem, forklarer Engevik.

Mer på éi turnering enn på eit heilt år

Med dagens andreplass spelte Engevik inn 5300 Euro.

- Det er om lag dobbelt så mykje som eg spelte inn på heile fjorårssesongen, smiler golfproffen.

I 2011-sesongen blei det 11 turneringer rundt om i Europa. Sjølv om han allereie har spelt inn mykje meir enn i fjor blir han ikkje rik av å halda på med sporten.

- Det kostar såpass mykje å halda på at det blir ikkje så mykje igjen på meg, seier Engevik.

På treningsleir med vinnaren

Førebuinga til årets sesong la Engevik, som han har gjort dei tre siste åra til Thailand.

- I tre veker har eg og dagens vinnar, Christian Aronsen, vore på dei fantastiske banane i Thailand og trent.

- Eg har følt at formen var på gang, så det var utruleg kjekt å få det ut i dag, avsluttar Øystein Engevik.

Allereie om to dagar skal han i sving igjen, på same bane som han i helga blei nummer to, men no med ei litt anna rekkefølgje på hola enn no i helga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.