Lokal | 14. sep. 2015

– Det var kø då vi opna

Jamn straum av veljarar på Luranetunet då val-lokalet opna klokka 10.

Eva S Hjelle er leiar av røystestyret for Os Aust Krins på Luranetunet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 14. sep. 2015 10:34

Klokka 10 måndag førmiddag opna dei ti val-lokala du kan nytta når du skal stemma i kommune- og fylkestingsvalet. Midtsiden vitja Luranetunet, som er val-lokale for Os Aust.

– Her sto det kø utanfor då vi opna klokka 10, og det har vore ein jamn straum etter det, fortel Eva S. Hjelle som er leiar av i det lokale røystestyret.

Hugsar legitimasjon

Hjelle fortel at veljarane oppfører seg bra og at stemninga er god.

– Dei fleste har hugsa å ta med seg legitimasjon òg, så dette går bra.

– Den største feilen folk gjer er at dei brettar røystesetelen feil veg, slik at vi kan sjå kven dei har stemt på. Då må vi be dei gå innatt i valbåsen og gjera det på nytt.

– Det er òg eindel som røyster berre i kommunevalet eller fylkestingsvalet. Dei stiller vi kontrollspørsmål om det er ein medviten handling når vi skal registrera dei i manntalet, forklarar Hjelle.

Strenge reglar

Leiaren av røystestyret fortel at det er strenge reglar dei har å halde seg til, slik som at valmedarbeidarane ikkje har lov til å røyra stemmesetlane når dei skal stemplast og puttast opp i urna.

– Det må veljarane gjera sjølv.

– Når vi kjem til klokka 21 i kveld låser vi dørane og startar teljinga. Først skil vi listene frå kommunevalet og fylkestingsvalet frå kvarandre, før vi legg dei i bunkar for kvart parti. Deretter startar jobben med å telja kor mange røyster kvart parti har fått. Kvar bunke blir teld av minst to forskjellige valfunksjonærar. Om resultata av dei to teljingane ikkje stemmer overeins, må nye telja oppatt. Tala skal være rett før vi rapporterar dei inn og bringer stemmesetlane til rådhuset for finteljinga, avsluttar Hjelle.

Du treng ikkje ha med deg valkortet du har fått tilsendt i posten, men det gjer det enklare for valfunksjonærane å finna deg i manntalet. ID-kort må du ha med deg uansett.

Les meir her

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.