Lokal | 23. jan. 2019

– Det var livet før og etter Karina

«Halve Os» går no på yoga hos Karina Lyssand - kva ligg bak suksessen?

– Det var livet før og etter Karina
Karina mellom to nøgde kundar, Mona Hilton (t.v.) og Frauke Andersen. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 23. jan. 2019 15:30

Bildeserie:

I juni hadde Karina yoga på Oseana, inne og ute. (Foto: KVB)
I juni hadde Karina yoga på Oseana, inne og ute. (Foto: KVB)
No jobbar Karina med å utvida kapasiteten. (Foto: KOG)
No jobbar Karina med å utvida kapasiteten. (Foto: KOG)
1 av 2
I juni hadde Karina yoga på Oseana, inne og ute. (Foto: KVB)
No jobbar Karina med å utvida kapasiteten. (Foto: KOG)

Os Yoga vart starta opp i oktober 2016, og held til i same bygg som Lyssand Blomster i Industrivegen. Det er ikkje mykje som seier at her skal du finna ein roleg plass for indre fred, men når du kjem opp trappa trør du inn i Karina si verd. Ein velkomst som understreker kor glad Karina er for at akkurat du kjem, og så vidare - berrføtt - inn i eit varmt lokale.

– Då eg opna i 2016 var eg åleine, fortel den unge gründaren. Lokala var i tillegg mindre enn det dei er i dag.

Vil utvida

Det gjekk ikkje mange månadane før Lyssand måtte utvida både stab og lokale. No er ho på nytt på jakt etter større plass og fleire medarbeidarar.

– Kjenner du nokon som er yogainstruktør, må du gje beskjed snarast. Men dei må vera flinke.

Lyssand er dørgande ærleg og ei frittalande sjel. Reflektert så det held, men samstundes er det alltid med eit godt «osisk» uttrykk på lur. I yogatimane snakkar ho ikkje om å pressa underlivet opp eller ned; det er «prinsen» eller «prinsesso» som skal flyttast på.

Denne personlege og ekte tilnærminga til kundane sine er kanskje del av fundamentet i den utviklinga Os Yoga no opplever.

70 på ei veke

Sidan oppstarten har kundegruppa vekse jamt.

– Totalt har eg om lag 300 personar i kunderegisteret, av desse er det 135 som trener med fast frekvens. Seinast førre veke var 70 personar innom her på dei ulike klassane vi har.

• Les òg: Fin forsmak på nytt morgontilbod (yoga på Oseana-terrassen)

I timeplanen til Os Yoga finn du klassar som Yin yoga, Vinyasa basics: hofteåpnere, Yin & myofascial release og den som mange tek med seg inn i helga; «Rolig fredagsyoga».

– Er det ei lita trend på gang i Os om dagen? Eller ligg det noko anna bak denne veksten?

– Det er nok ei lita trend, ja, men bildet er nok større enn det. Det er eit auka fokus på det vi kallar «mindfullness» i samfunnet om dagen. Vi lever alle i ein kvardag som berre går raskare og raskare. Stadig fleire søkjer etter ein stad kor dei kan ta eit «friminutt», og mange finn interesse i korleis hjernen og kroppen jobbar saman.

Saknar ungdommane - startar herreklubb

Lyssand fortel at kundane fordeler seg frå 8 til over 80 år, og mange kjem som venninnepar eller som mor og dotter.

– Det er to grupper eg kunne ønskja å sjå fleire av, nemleg ungdom i alderen 15 til 19 år og menn i ulike aldrar. Det er mykje press på dagens ungdom, ein skal målast på alle nivå til ei kvar tid.

– Når det gjeld menn er det visstnok blitt sånn at dei skal bera byrden sin lett. Med det meiner eg at altfor mange menn går rundt utan å kjenna etter, utan å registrera signal frå kroppen om at det kunne vore godt med eit avbrekk - å trekka pusten og å løysa litt opp.

Lyssand fortel at ho no jobbar aktivt med å få tak i ein mannleg instruktør, men at ho uansett vil starta opp med eigne klassar for menn i løpet av mars månad.

- Det er allereie ein del menn som er kundar her, men eg har eit genuint ønskje om å sjå fleire - dei har så godt av det!

– Fagleg sterk

Reidun Vasby er ein av dei som kjenner treningshistorikken til osingane best. Ho byrja sjølv som treningsinstruktør i 1984, har utdanna seg innan ei rekkje treningsformer, og heldt fram som instruktør i mange år etter at ho selde treningssenteret Cha-Zet for rundt 15 år sidan. Bruarøy tok sjølv yoga-utdanning rundt tusenårskiftet, no er ho kunde hos Karina.

– Kva trur du er årsaka til den tilstrøyminga Lyssand og Os Yoga ser om dagen?

– Karina har ei flott utdanning og er fagleg sterk. Dessutan har ho ein personlegdom som gjer at kundane føler seg komfortabel og trygg. Det Karina tilbyr hos seg er noko heilt anna enn den yogaen du finn mange andre stadar. Os Yoga er eit yoga-senter. Karina har spesialtilpassa timar, og ho tilrettelegg for kvar einskild kunde.

Reidun seier ho trur mange fleire ville hatt godt av litt yoga i kvardagen;

– Yoga var ikkje i vinden då eg starta opp på 80-talet, og framleis er det nok mange som har litt feil oppfatning av kva yoga eigentleg er. Det er vanskeleg å forklara kva det går ut på, og ikkje minst kva godt det gjer for deg, men eg vil seia det så sterkt som at alle burde burde nytta seg av yoga med jamne mellomrom.

Med hjartet på rette staden

Etter ein time med fokus på rygg og nakke spør vi nokre av kundane til Karina kva som gjer at dei nyttar seg av tilbodet.

– For meg er det livet før Karina, og livet etter Karina, fortel Inger Halhjem Sælen på veg ut i kvardagen att.

Mona Hilton fortel om 30 år med ein kranglete kropp, men at mykje har endra seg i rett retning etter ho byrja med yoga.

– Rørsle er livet - stillstand er døden, kjem det frå Karina.

Frauke Andersen fortel at for henne er det god kunnskap og kvalitet på timane som er avgjerande for at ho nyttar Os Yoga i kvardagen. Lyssand sjølv er mest oppteken av å snakka om dei flotte kundane ho har, men på slutten av intervjuet forsøker artikkelforfattaren seg med spørsmålet; «kvifor gjer du dette?»

Reaksjonen seier sitt. Først endrar stemma til Karina seg, og så kjem tårene.

– Yoga og «mindfulness» har forandra mykje i livet mitt. Samtidig er eg rørt over oppslutnaden og at kundane kjem tilbake. Det er ikkje alt eg har starta på eller prøvd på i ungdomen som har blitt fullført med stil, men dette ser ut til å gå fint.

Det starta med ein tur til Thailand, seinare blei det fleire turar til Asia. Store delar av utdanninga tok ho på Bali.

– Eg legg hjartet mitt i dette, og eg ville skapa ein fristad kor alle med enkle, små grep kan bli sett og høyrd.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.