Næringsliv | 27. okt. 2025

– Det viktigaste er at kundane er trygge

Måtte «flytta» populær terrasse.

– Det viktigaste er at kundane er trygge
Det er tørrare i dag enn laurdag, men terrassen er framleis stengt. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 27. okt. 2025 10:49

Esso Os sin populære terrasse langs gjestebrygga blei i helga stengt.

– Eg trur ikkje nokon har skadd seg, men vi oppdaga at den var veldig glatt, så då valte vi å stenga den av, seier butikksjef May Linn Skaar.

Borda blei flytta til terreng med betre friksjon under skoa. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Borda blei flytta til terreng med betre friksjon under skoa. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden

Sjølv om softis-sesongen er på hell, er terrassen godt besøkt når vêret er tørt, som i dag.

– Derfor flytta vi borda. Folk kan framleis setja seg ned med kaffi og kakao utanfor stasjonen, seier Skaar.

Mens gjestebrygga er kommunen sitt ansvar, er det Esso sin terrasse.

– Så no er det bestilt spyling og anti-skli?

– Nei. Om noko skal spyla så blir det meg sjølv. Men førebels fungerer det greit med å ha borda på ein annan plass. Døra inn frå brygga er framleis open.

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.