Lokal | 13. des. 2015

– Dette bør du kunna

Os har fått nok ein hjartestartar - og no har «alle» i Kløvertun vore på kurs.

– Dette bør du kunna
Karsten Berntsen frå LHL saman med Vigdis Thunold frå sanitetsforeininga og Jarle Pedersen frå Mobergs Fysikalske. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 13. des. 2015 08:35

Bildeserie:

No har brukarane fått kurs i både hjartestartar og kompresjon. (Foto: KVB)
No har brukarane fått kurs i både hjartestartar og kompresjon. (Foto: KVB)
Os LHL har kursmateriell for heile Hordaland lagra i Os. (Foto: KVB)
Os LHL har kursmateriell for heile Hordaland lagra i Os. (Foto: KVB)
1 av 2
No har brukarane fått kurs i både hjartestartar og kompresjon. (Foto: KVB)
Os LHL har kursmateriell for heile Hordaland lagra i Os. (Foto: KVB)

Rådhuset, drosjane, Oseana, Osbadet, AMFI Os, Vedholmen Landhandel, Søre Neset idrettslag - lista vi lagde i 2013 tel over 30 defibrillatorar rundtom i Osbygdo.

Nyleg har Os LHL, Os Sanitetsforening og Mobergs Fysikalske AS spleisa på ein hjartestartar til Kløvertun.

– Eg er glade for at vi har fått ein hjartestartar på plass her òg. Lokalet er mykje i bruk, både på dagtid, kveldstid og i helgene, med alt frå fysikalske pasientar til festdeltakarar i ulik alder, seier Karsten Berntsen frå Os LHL.

LHL har kontor i 2. etasje i Kløvertun. Sidan Berntsen held kurs i heile Hordaland har han også lager av kursmateriell og derfor god tilgang på blant anna dukker å øva seg på.

– Sjølv om hjartestartarane er enkle å bruka, du får instruksjon undervegs, er kompetanse like viktig som utstyr.

Både tilsette og frivillige som bruker huset, blant anna dei som jobbar på kjøkkenet når Kløvertun er leigd ut, har no fått kurs hos Berntsen.

Dette er det viktigaste

– Eg trur at det er lett for å bli stressa eller handlingslamma om du brått hamnar i ein situasjon der du kan redda liv. «Skal eg blåsa eller driva hjartekompresjon. Kor mange av kvar?» vil folk gjerne tenka.

– Det er enkelt. Ring 113, sett telefonen på høgttalar og start kompresjon, sa Berntsen til Midtsiden i sommar.

Les òg: Kunne du ha redda ein som fekk hjartestopp?

– Dei på 113 vil hjelpa deg, informera deg og fortelja kvar ambulansen er i løypa.

Den essensielle kompresjonen

Kurset han heldt i Køvertun var delt i tre og starta med informasjon og øving på kompresjon.

– Ikkje alle er klar over at du skal starta kompresjon med det same, og du skal halda fram heilt til du eller helsepersonell tar defibrillator i bruk. Viss det har gått for mange sekund frå du stoppa kompresjonen til du gir sjokk så vil hjarta vera tømt for blod og sjokket gir ingen effekt.

– Samtidig er det viktig å vera klar over at du ikkje klarer å starta hjarta igjen ved kompresjon åleine. Men du skal halda det gåande til nokon kjem og kan gje sjokk.

Etter at det er gjeve sjokk skal du halda fram med hjartekompresjon i tre minutt før nytt sjokk.

På tredje forsøk

Dagleg leiar på Mobergs Fysikalske, fysioterpeut og tidlegare landslagstrenar Jarle Pedersen, seier han nyleg fekk telefon av eldstesonen Eirik, storebror til skøytestjerna Sverre.

– Han fortalde om ei oppleving på jobben, der han hadde vore med på å redda ein som fekk hjartestopp. Det var først på tredje forsøk med sjokk at dei fekk liv i han, fortel Jarle.

Andre del av kurset var munn til munn, tredje del var sjølve bruken av hjartestartaren.

– Ei stor oppleving

På spørsmål om han sjølv har vore med på å redda liv, fortel Karsten at det stort sett har vore då han i ambulanseteneste har vore med på gjenoppliving i sjukebilen, av pasientar som har mista hjarterytmen på veg til sjukehus.

– Men eg var med på å få liv i ein unge som hadde drukna. Det er ei heilt anna sak, men det var verkeleg ei stor oppleving, seier Karsten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.