Kultur | 13. aug. 2018

Dette er det berre Kurt Nilsen som har klart før

– Å spela sist kan vera vanskeleg, men Eirik Søfteland fekk det til, seier Osfest-sjefen.

Dette er det berre Kurt Nilsen som har klart før
Ingen andre enn Kurt Nilsen har halde publikum så lenge utover natta på Osfest som det Eirik Søfteland gjorde natt til søndag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 13. aug. 2018 09:20

Bildeserie:

Vanja V spelte for ei handfull. (Foto: KVB)
Vanja V spelte for ei handfull. (Foto: KVB)
Også Endre Nordvik burde fått eit større publikum. (Foto: KVB)
Også Endre Nordvik burde fått eit større publikum. (Foto: KVB)
Tone Damli var god oppvarming. (Foto: KVB)
Tone Damli var god oppvarming. (Foto: KVB)
Fleire av dei første gjestane meinte folk gjekk glipp av noko. (Foto: KVB)
Fleire av dei første gjestane meinte folk gjekk glipp av noko. (Foto: KVB)
Morten Abel gav alt. (Foto: KVB)
Morten Abel gav alt. (Foto: KVB)
Han hadde eit langt større publikum. (Foto: KVB)
Han hadde eit langt større publikum. (Foto: KVB)
Abel takka dei frivillige sin innsats. (Foto: KVB)
Abel takka dei frivillige sin innsats. (Foto: KVB)
Så kom Staut. (Foto: KVB)
Så kom Staut. (Foto: KVB)
Publikumsmengda auka på. (Foto: KVB)
Publikumsmengda auka på. (Foto: KVB)
Eirik Søfteland gjekk på scenen kl 00.30. (Foto: KVB)
Eirik Søfteland gjekk på scenen kl 00.30. (Foto: KVB)
Publikum var med på notene frå første stund. (Foto: KVB)
Publikum var med på notene frå første stund. (Foto: KVB)
Eirik Søfteland - Osfest 2018. (Foto: KVB)

1 av 18

Osfest er over, og ser ut til å ha blitt vellykka, også økonomisk.

• Sjå stor bildeserie frå fredag og laurdag

Førbelse tal etter festivalen i fjor var 800 fredag og 1600 laurdag. Tilsvarande tal i år er minst 1200 fredag og minst 1300 laurdag, altså ei samla auke frå 2400 til 2500, men tala frå i år er truleg høgare enn dette.

– Vi har ikkje dei endelege tala, for det var både folk som fekk band rundt armen utan å få scanna billetten, vi hadde dei som hadde jobba som frivillig den eine dagen, som kom gratis inn den andre, og vi hadde ulike på gjesteliste.

– Men vi veit at det var over 1200 inne om fredagen og over 1300 inne om laurdagen, seier festivalsjef Tor Egil Hylland.

Eirik gjorde som Kurt

I tillegg er omsetnad av mat og drikke viktig. Samla sal av øl er cirka 3000 liter, som er over éin liter per gjest, noko som er høgt, og betre enn i fjor.

Her betyr det naturlegvis ein del kor lenge folk er på festivalområdet.

Fredag kveld såg publikumstalet ut til å bli meir enn halvert frå nest siste til siste band. Laurdag var det litt fleire inne, og langt fleire som blei verande etter midnatt.

Osingane er ikkje berre flinke til å stemma Eirik Søfteland fram i ulike konkurransar på TV2, dei møter opp når han har konsert.

– Eirik leverte ikkje berre ein fantastisk konsert, han klarte noko som ingen andre enn Kurt Nilsen har klart, då han avslutta den gode laurdagen vi hadde i 2015. Han heldt publikum på festivalområdet heilt til kvelden var over. Dette er vanskeleg, og vi veit at mange andre store artistar kvir seg litt for å gå på scenen til slutt, i alle fall når det blir så seint som 00.30, seier Hylland.

Eirik seier han synest det berre er kjekt å få lov å avslutta kvelden.

– Men eg er overraska og glad for at det kom så mange, og for at nesten alle blei igjen til slutt. Det var også veldig kjekt at det var så mykje liv i publikum, folk song med på dei raraste plassar, sjølv om fleire av låtane var litt heavy.

Eirik opna med Iron Maiden og Bon Jovi. På Metallica tok det av! Så kom den energiske duetten med Torkjell Rød på Kiss-låta «Shout it out load».

– Det blei ein morosam Kiss vs Iron Maiden-stemning i bandet. Eg og gitaristane mine speler saman i Iron Maiden-tributebandet Power Slaves, vi er blant dei som «hoppa» over Kiss i oppveksta. Men trommis Jens Aasmundseth vaks opp med Kiss, og smilte då han såg korleis to, i utgangspunktet litt motvillige gitaristar, koste seg då dei fekk spela Kiss.

Den rolege starten

Sjølv om Tone Damli etterkvart fekk litt publikum å spela for, var det tynt i rekkjene då ho gjekk på scenen klokka 19.45. Då var ho tredje artist på scenen, og begge dei to første var absolutt verdt å få med seg!

Kommentarane gjekk ut på det same hos alle gjestane som var først på plassen.

– Kvifor er det ikkje fleire folk som kjem tidleg, dette er jo nydeleg musikk!

Vanja V har spelt på større scenar før, ho debuterte på MGP junior i 2014 for eit fullsett Oslo Spektrum og spelte tidlegare i år under Pride-festivalen i Bergen.

– Etter Pride har det vore jobbing i studio, det blir det utover hausten òg. Dette var det store for oss denne sommaren, seier Vanja Vatle til Midtsiden etter å ha gått av scenen.

Den unge jenta frå Osterøy leverte ein frisk, men kort konsert, tydelege tekstar på strilemål akkompagnert av tre dansarar.

– Eg skulle jo ønskt at det var fleire å høyrde på, men det var kjekt å vera her, og eg håper å få koma tilbake ein annan gong, til litt større publikum.

Mannen som kom etterpå var Endre Nordvik. Dei to mest streama låtane hans er spelt 7,7 og 2,1 millionar gongar, men også han spelte for eit lite publikum, truleg knappe hundre fekk med seg den stødige og elles så populære musikaren.

Kan dei første få det betre?

Hylland er nøgd med at det kjem mykje folk i 21-tida, tidlegare gode festivalår har «den store bølga» av folk kome langt seinare.

– 2015, som er den beste festivalen vi har hatt til no, var Gabrielle nest sist om fredagen, då var det først skikkeleg folksamt i 22.30-tida. Laurdagen var Kurt Nilsen sistemann ut, då var det mange som venta med å koma til klokka var 23, fortel Hylland.

Sjølv om det kan vera stas for ferske artistar å spela på ein stor scene i 18-19-tida, skjønner Hylland at det kunne vore kjekt med eit større publikum.

– Kunne desse banda heller spelt ein akustisk minikonsert på ein liten, mobil scene tettare på publikum - eller på dagtid, og kanskje gratis for born og andre?

– Det kunne dei kanskje gjort. Lydprøve tar ikkje heile dagen. Vi må ta omsyn til kyrkja, om dei har bryllaup, men har fått stadfesta at det ikkje er bryllaup andre laurdagen i august 2019. Derfor vurderer vi å gjera noko på dagtid denne laurdagen.

Osfest 2019 blir arrangert fredag og laurdag 9. og 10. august.

– Men vi ønskjer uansett å ha band på scenen i god tid før klokka 21. Eg føler vi jobbar med å bygga ein god festivalkultur, der folk kjem for å oppleva konsertane og vera med på livet. Eg var sjølv i Bergen og såg Sondre Justad i sommar. Han og Astrid S hadde full sal klokka 16 og 18. Dette er store namn, og Bergen er større enn Os, men no har vi klart å få folk til området klokka 21 i staden for klokka 23, kanskje vi kan få eit litt større publikum i 19-20 tida neste år.

Takksame artistar og arrangørar

Produksjonssjef for Osfest, David Genius, jobba fulltid med konsertar året rundt. Han seier Osfest har bygd seg opp eit svært godt omdømme blant musikarar og management.

– Det går gode rykte om gjennomføringa. Arrangørane kommuniserer godt i forkant av festivalen, artistane får akkurat det dei har bedt om, både teknisk og av mat, drikke og transport, og opplevinga av å spela her er god, seier Genius om tilbakemeldingane.

Ein av dei som rosa både arrangørane og dei frivillige var Morten Abel. Han opna på norsk og folk song med, han følgde opp med «You are Beautiful» som første engelske, og folk tok av. Abel og bandet gav alt, spelte så svetten spruta, stoppa ein låt direkte i «Black Beatles-challange» - og fekk full respons.

– Eg vil takka alle dei som stiller opp og jobbar frivillig sånn at vi kan koma å spela på sånne flotte festivalar, for så mange fine menneske.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.