Lokal | 11. okt. 2012

– Dette er dramatisk

Sidan 2001 har Kongshaug fått tilleggsstipend for å gje lovpålagt 1-til-1-opplæring. I framlegg til statsbudsjett blir dette brått og uventa tatt vekk - midt i skuleåret.

– Dette er dramatisk
Rektor ved Kongshaug Musikkgymnas, Oddvar Rotvik. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. okt. 2012 14:52

– Det var ikkje denne bursdagspresangen vi hadde venta å få frå staten, seier rektor Oddvar Rotvik.

I november skal Kongshaug Musikkgymnas, som er privat og eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband, feire 50-årsjubileum.

No har leiinga, ved sidan av festførebuingane, fått ei meir alvorleg sak å jobba med.

Fjernar 3,2 millionar kroner

For å kunna gje lovpålagt instrumentalundervising, noko som med Kongshaug sitt elevtal (90 elevar) krev 150 timar med 1-til-1-undervising i veka, får skulen eit tilleggsstipend.

I framlegg til statsbudsjett som blei offentleggjort måndag denne veka er dette tilleggsstipendet fjerna.

– Det utgjer 3,2 millionar kroner for oss, noko som tilsvarar ein reduksjon i statstilskotet på 22 prosent, fortel Rotvik.

Ein nødvendig kompensasjon

– Vi var første private musikkgymnas i Noreg som fekk dette tilleggstilskotet då vi fekk gjennomslag for søknaden vår i 2001.

Årsaka til at behovet for ekstratilskot dukka opp var at det i det ordinære tilskotet ikkje er skilje på fagleg linje, tilskotet som blei gjeve til musikk, dans og drama var ikkje nok til å dekka den tilleggskostnaden det er å gje eineundervising til elevar med instrument.

Utan forvarsel - midt i skuleåret

Om framlegget blir vedtatt som det er mister skulen viktige inntekter brått - med verknad allereie frå januar av, altså midt i skuleåret.

– Det er dramatisk for oss og vi føler at det er heilt urimeleg, fortvilar Rotvik.

– Vil overleva denne regjeringa òg

Tilleggstilskotet har stått ved lag sidan 2001, gjennom ulike regjeringer. Rotvik seier skulen vil kjempa hardt for å få forståing for behovet deira før statsbudsjettet skal bli vedtatt.

– Eg har vore inne som vitne der eit anna musikkgymnas bad om same tilleggstilskot vi og nokre andre privatgymnas har. Eg snakka deira sak, men dei fekk avslag. Retten meinte at forskjellsbehandling var greit.

– No ser det ut som om dei ikkje vil gje forskjellsbehandling, dei vil gje alle private den same dårlege behandlinga. Kristin Halvorsen, som styrer kunnskapsdepartementet, er frå eit parti som har landsmøtevedtak på at dei vil fjerna privatskular. Og dette kan vera ein effektiv måte å gjera det på.

– Men vi håper på at Ap, Sp og opposisjonen er flinkare til å lytta til fornuften, for om dei ikkje snur no så kan skular som Kongshaug bli berre for dei rike, og det er det vel få som ønskjer.

Kva med utvidinga av skulen?

Tidlegare i år fortalte Kongshaug Musikkgymnas at dei har ønskje om å dobla kapasiteten.

– Årsaka er at vi har str pågang og mange på venteliste. Vi ser at det er veldig mange godt kvalifiserte ungdomar som ikkje får plass.

Saka ligg til høyring og Rotvik ventar ikkje svar frå fylket før nærmare april 2013.

– Dette er to ulike prosessar, men måten tilskot-saka blir løyst på kan få konsekvensar for vidare plan om utviding på Kongshaug.

Støtte som varmar

Rotvik fortel om mykje støtte og forståing, facebook-kampanjar og underskriftskampanjar.

– I ei tøff tid som denne er det kjekt å merka den varmen og støtta saka får. No håper vi berre på forståing høgare oppe i systemet.

– Og vi har stor tru på at folk vil lytta til fornuft, for sånn denne saka er no så blir vi rett og slett ikkje behandla på ein anstendig måte, seier rektor Oddvar Rotvik.

Eksterne lenkjer:
Artistkamp for musikkgymnas (Vårt Land)
Stilner sangen på musikkgymnas (Dagen)
Kongshaug i hardt vær! (Kongshaug)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.