Lokal | 15. feb. 2012

– Dette er ei enkel sak

Os kommune risikerer dagbøter. Årsak? Manglande benkar, skap og skiljeveggar i garberobane i Oseana.

– Dette er ei enkel sak
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 15. feb. 2012 13:16

Medan Os kommune ventar på svar frå Direktoratet for Arbeidstilsynet på klage på ulike pålegg om endringar i Oseana, eit svar dei ventar å få inn i mai, har arbeidstilsynet sendt varsel om dagbøter på andre pålegg om utbetringar i det nye kulturhuset.

I eit brev til Os kommune i førre veke varslar arbeidstilsynet tvangsmulkt på 500 kroner for kvart av dei to pålegga, til saman 1000 kroner per dag etter 15. mars.

Dei to pålegga handlar om garderobeforhold for tilsette, som skal ha adskilte garderobar og låsbare skap. Opprinneleg var fristen for utbetring sett til 01.10.2011, men kommunen fekk ny frist 01.02.2012.

I brev frå Os kommune til arbeidstilsynet skriv kommunen at pålegga ikkje var etterkome, men at dei ville bli utførte innan 29. februar.

Tar ansvar

Midtsiden lykkast ikkje i å nå ordførar Terje Søviknes for kommentar til saka, han sit opptatt i møte i Oslo. Men kommunalsjef for stab og støtte, Geir Engelsen, fortel om situasjonen.

– Dette er ei sak kommunen har jobba med sidan i haust, men ansvarsfordelinga har vore litt pulverisert, så prosessen har gått seint.

Men no har Engelsen tatt på seg oppgåva, og han seier pålegga er lette å retta seg etter og vil bli utførte innan den nye fristen.

– Det er snakk om små utgifter for kommunen, nokre skiljeveggar, benkar og skap, og litt arbeidsinnsats. Handverkarane er bestilte for fleire veker sidan.

– Om det viser seg at vi, etter samtalar med dei tilsette, treng meir eller anna utstyr, og derfor treng nokre dagar over ny frist, har eg fått beskjed om at vi får utvida frist, så lenge vi kommuniserer tettare med arbeidstilsynet enn det vi har gjort til no, seier kommunalsjefen.

Kva med dagslyset?

Dei andre pålegga, som i hovudsak handlar om mangel på dagslys i undervisingsrom, er klaga inn til Direktoratet for Arbeidstilsynet.

– Vi førebur oss på å gjera endringar, og vil ha fleire medverknad-samtalar med tilsette i tida framover. Men vi vil venta med å bli konkret i forslaga til endring til vi ser kva svar vi får frå tilsynet.

Kommunen ventar svar på denne saka i mai.

Jon Sæbø, som er einaste lærar i 100 prosent stilling ved Os kulturskule, har i mellomtida flytta tilbake til Os skule med sine elevar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.