Sport | 09. juni 2017

Dette er eit fotballag!

Kjendislag møter gatelag under rekordstor cup på Kuventræ.

Dette er eit fotballag!
Kjendislaget, oppe f.v.: Thomas, John, Brynjar, Kjersti, nede f.v.; Arne, Anne, Sverre og Eirik - skal spela mot det nystarta gatelaget. (Alle foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 09. juni 2017 11:02

I helga er det tid for den store barnefotballcupen på Kuventræ. I fjor endra cupen, som tidlegare har hatt namn som Drageset Cup, Rema 1000 Cup og Bjørnafjorden Cup, tittel til Eat Move Sleep. I år er Os Fotball ein av 34 klubbar i Noreg som har fått halde på EMS-statusen.

• Les òg: Foreldre og spelarar på kickoff før EMS-cup

Cupen på Kuventræ blir rekordstor i år, blant anna grunna opning for lag i barnehagealder.

– Os Fotball starta i fjor eigne lag for dei som går siste året i barnehage. Også andre klubbar har tilsvarande lag, og desse kan for første gong delta i cup på Kuventræ.

Auka frå 120 til 160 lag

– 160 lag var påmeldt. Dessverre var det fem som ikkje klarte å stilla, men 155 lag er likevel langt over dei 105 til 120 laga vi vanlegvis har hatt frå år til år.

Rundt 200 foreldre og spelarar stiller på dugnad for å avvikla cupen, der over tusen spelarar skal kjempa på femten ulike banar. Dei to yngste årsklassane speler 3 mot 3, som òg er nytt for cupen i år (dei andre speler 5 mot 5 eller 7 mot 7 ut frå alder).

Mellom kampane kan ungane kosa seg med god mat og kjekke venar, og gå innom dei tre stasjonane med kvar sine tema; mat, rørsle og søvn.

• Les òg: På denne cupen skal alle kvila

Kjendislag mot nystarta gatelag

Det blir òg noko underhaldning. Os Fotball fekk i vår eit nytt medlem, eit gatelag frå Vartun sitt Livskvalitet-prosjekt.

• Les òg: Bygger gapahuk, sti og nye sandstrender i Ervikane

– Vi har vore hos SK Brann på omvising og for å læra korleis dei driv sitt gatelag, og kome godt i gang med trening på Kuventræ, fortel avdelingsleiar ved Vartun Oppfølgingstenester, Arve Frostad.

– Dette er ein hyggeleg gjeng og eit flott tilskot til klubben. Laget har fått utstyr og faste treningstider, og er i klubbhuset og har lunsj i samband med treninga, seier dagleg leiar Endre Brenne.

Han ville gje laget noko å strekka seg etter, og sette opp venskapskamp mellom gatelaget og eit samansett lag av lokalkjendisar.

El Fakiri «signerte» for gatelaget

På kjendislaget finn vi både musikalske osingar og kjentfolk som er flinke i ulike idrettar, også fotball.

– Her stiller Brynjar «Veggen» Øvstedal (keeper og sjefssupporter) og veteran John Lepsøy (84 år og kretsmeister i ei rekkje idrettar), dei to keeperlegendene får slåst om å stå i mål.

– Vi har òg med oss Eirik Søfteland (Idol og Skal vi danse), Sverre Lunde Pedersen (Noregs beste skøyteløpar), Kjersti Tysse Plätzer (OL-sølv i kappgang i 2000), Arne Thuen (verdsmeister i handbak i 2005), Anne Lyssand (tidlegare handballproff), Thomas Helgesen (komikar) og leiar for Os Sentrumsforening, William Lindborg.

Lindborg er aktiv i 5. divisjon med Søfteland. For å styrka troppen med ein aktiv spelar har også gatelaget vore innom overgangsmarknaden.

– Det er ikkje alle av dei førebels 7-8 spelarane i stallen vår som føler seg klare for kamp enno, så vi har med oss både tilsette og ein vi nyleg har investert litt ekstra i, seier Frostad.

Gatelaget har fått med seg tidlegare Monaco- og Brann-spelar, hovudtrenaren til Os, Hassan El Fakiri.

Showkampen startar klokka 13 laurdag.

Cupen går frå klokka 10 til 17 laurdag og søndag, og den innhaldsrike fotballhelga blir runda av med heimekamp for både A-laget (Os - Brann 2 kl 17) og damelaget (Os - Loddefjord kl 20), begge med fri entré.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.