Lokal | 03. okt. 2012

– Dette er kjempeflaut!

Kommunalsjef Ingvar Torsvik legg seg langflat etter at det blei avdekka at kviteskulen har blitt driven mot kommunelegen sitt vedtak.

– Dette er kjempeflaut!
Ingvar Torsvik beklaga at dei hadde nytta klasserom som ikkje var godkjende frå kommunelege (foto: Andris Hamre/Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamreonsdag 03. okt. 2012 15:08

Kommunalsjefen vakna til oppslag i BT om at seksåringane ved Os skule hadde fått undervisning i lokaler i kviteskulen som kommunelege Jon Vangdal Aamaas berre hadde godkjent for fem elevar.

I tenesteutvalet onsdag la Torsvik seg langflat og beklaga.

- Eg er irritert og det er kjempeflaut og heilt unødvendig.

- De har gjort jobben dykkar med å løyve penger. Det er vi i administrasjonen som ikkje har fulgt opp, slo ein ydmjuk Ingvar Torsvik fast.

I tenesteutvalet i mars orienterte prosjektleiar Tor Inge Døsen om status på skulebruksplanen og kva som blei gjort i høve miljøretta helsevern på dei forskjellege skulane. Eit av punkta Døsen då redegjorde for var ventilasjon i kviteskulen.

Jobba i god tru

Då kulturskulen flytta ut frå kviteskulen og til Oseana blei det seks ledige klasserom i kviteskulen.

- Med det presset som har vore på skulane gav eg melding om at ein måtte fylle opp 1. klassane ved Os ungdomsskule.

- Dei tre klasseromma som det gjeld, ligg i 2. etasje på kviteskulen og har blitt nytta av 2 klasser fordelt på tre grupper med 17 elevar i kvar.

- Langt fleire enn dei 5 som romma var godkjente for frå kommunehelsesjefen.

Flytta til 1. etasje

Kommunen blei ved ein tilfeldigheit blei klar over at klasseromma i 2. etasje ikkje var godkjende for fleir enn fem personar.

- Det er viktig for meg å seie at her har folk jobba i god tru. Feilen er heilt og halden vår i administrasjonen.

- På vegne av Os kommune vil eg beklaga ovanfor dei elevane som har gått der. Vi hadde ikkje trengt å nytte romma. Vi hadde plass til dei i 1. etasje, forklarte Torsvik som la til at elevana blei flytta til godkjente klasserom med ein gong feilen blei oppdaga.

I gang med ventilasjon

Kommunen er allereie i gang med å få på plass godkjent ventilasjon i klasseromma det gjeld.

- Det skal vera fiksa rett over haustferien, forsikra Torsvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.