Morten Abel og Tone Damli speler begge under Osfest-laurdagen (pressefoto)

Dette har dei gjort i sommar

Osfest • Tone Damli spelar sin einaste konsert på Osfest. medan Morten Abel har turnert land og strand rundt med ny musikk.

Av: Andris Hamre

Det nærmar seg Osfest med stormskritt. Fredag 10. august braker det laus med Violent Gin som første band på scenen. Her finn du ei lita oppsummering av alle banda som skal spele på festivalen og kva dei har gjort på i sommar.

Fredag:

Violent Gin
Charlotte Marlen Midtun, Øyvind Flatekval, Ole Christian Tøsse & Simon Flatekval
Spelar: Rock'n Roll.
Stifta: 2017
Debuten: "I would Lie" utgitt 23. mai 2017, kåra til Årets beste rockelåt 2017 av musikkmagasinet Rockman.
Siste konsert: OmStock i Odda.
I sommar: har vore i studio og spelt inn nytt materiale.

Majorleap
Bård Leite, Kjetil Hekland, Dag-Erlend Torp, Martin Borge, Lars Inge Torp, Christian Øverland
Speler: Pop/Rock
Stifta: 2016
Debuten: "The Idealist" utgitt i februar 2017.
I sommar: har vore i studio for å spele inn ny musikk som etter planen vil bli gitt ut i nær framtid.
Siste konsert: Tylefakte (Skifjorden) helga før Osfest som dei einaste to konsertane i sommar.

Stavangerkameratene
Kjartan Salvesen, Tommy Fredvang, Glenn Lyse og Ole Alexander Mæland
Speler: Norsk pop
Stifta: 2015
Debuten: "Vekk meg opp" utgitt 11. mars 2016
Største hits: "Bare så du vett det"
I sommar: Varma opp for Mods sine to konsertar på Viking Stadion i juni. Speler på Treungenfestivalen denne helga, på Rockefeller i oktober og i DnB Arena i Stavanger i November.

Madcon
Tshawe Baqwa og Yosef Wolde-Mariam
Speler: Rap
Stifta: 1992, då som ein rap- og dansegruppe med fem medlemmar.
Debuten: "God Forgive Me" utgitt i 2000
Største hits: "Beggin'", "Liar", "Glow"
I sommar: Har hatt turnert med konsertar mellomanna på Tømmerstock, Trollrock, Orkanger og Arendal
Er aktuelle med albumet "Contakt Vol. 2" som er på norsk og har blitt vurdert som deira beste album til dags dato.

Ammunition
Åge Sten Nilsen, Erik Mårtensson, Victor Cito, Jon Pettersen, Magnus Ulfstedt, Lasse Finbråthen.
Speler: Rock
Stifta: 2013
Debuten: Albumet "Shanghaied" i november 2014. Kanskje best kjent for låta "Wrecking Crew" som dei kom på andre plass med i Melodi Grand Prix i 2017.
I sommar: Har vore på vegen i Noreg og Europa frå i mars til byrjinga av juli. Speler på Treungenfestivalen og Målrock før dei kjem til Osfest

Laurdag:

Vanja V
Vanja Vatle
Speler: EDM/Pop på dialekt frå Osterøy
Debuterte på MGPjr i 2014 framfor eit fullsatt Oslo Spektrum. Er aktuell med debut-Ep "Sveve forbi" som blei slept i januar. Blei kåra til Vekas Urørt i april 2017.
I sommar: Spelte på Slottsfjell Cup i Tønsberg i mai og under Bergenpride på festplassen i juni. Har òg vore gjesteartist på Wrightegaarden i Langesund i sommar.

Endre Nordvik

Speler: Folkpop
Deltok i X Faktor i 2009 kor han rauk ut rett før finalerunde. Har siden 2015 spelt i bandet til Kurt Nilsen.
Debuten: Gav ut "Suburb Hero" i januar 2018.
I sommar: Har hatt ein relativt roleg sommar før han kjem til Osfest. Etter det står Narvik og Førde for tur.

Tone Damli
Tone Damli Aaberge
Speler: pop
Slo igjennom på Idol på TV2 i 2005, kor ho kom på andre plass bak Jorun Stiansen.
Debut: "Bliss" utgitt i desember 2005
Største hits: "Butterflies" som ho stilte med i Melodi Grand Prix i 2009, berre slått av Alexander Rybak og "Fairytale".
Aktuell som programleiar for "Love Island" på TV3 og jobbar med ny musikk.
I sommar: Har vore på ferie med mann og dotter på fire. Skal spele på "Allsang på Grensen" og KUN på Osfest.
– Eg gler meg kjempemasse. I det siste har eg gjort mest speling med trio, så det skal bli skikkeleg kjekt å spele med fullt band igjen, seier ho til BA.no 

Morten Abel
Morten Able Knutsen
Speler: pop
Debuten: Han fekk sitt gjennombrot med Stavanger-bandet Mods på byrjinga av 1980-talet. Har også vore vokalist og frontfigur i Peltz og The September When før han i 1997 for alvor starta som soloartist.
Største hits: “Be My Lover”, “Lydia”, “Tulipz”, “Hard To Stay Awake”, “Doberman” og “Frøken Vilikke”, "Hode over vannet"
Aktuell med: "Evig Din", albumet på norsk som kom
I sommar: Hektisk turneverksemd med konsertar mellomanna i Oslo, Fredrikstad, Langsund og Solvær før Osfest.

Staut
Gaute Lein Ausrød, Ørnulf Juvkam Dyve, Dag Arve Sandnes, Asle Tronrud, Torgeir Bolstad, Frode Flatland
Speler: Folkrock på Norsk
Stifta: 2010
Debuten: Albumet "Staut" utgitt i 2010
Største hits: "Sjå sole", "Stugureint", "Slepp Me Inn"
Aktuelle med: plata "Ja" og singelen "Dans ein dans"
I sommar: Staut har heilt frå starten vore aktive på vegen. Det har dei også vore i sommar kor dei mellomanna har spelt på Rondaståk, Trollrock, Treungenfestivalen, Lamholmen Festivalen i Solvær før dei kjem til Osfest.

Eirik Søfteland
Eirik Strønen Søfteland
Slo gjennom: Då han i 2013 tok andreplassen i Idol og då han seinare same år vann Skal vi danse på TV2.
Speler: Rock
Aktuell med: Sipher
Sist sett: I finalen på "Århundrets stemme" på TV2 og Torgfesten på Osøyro. I sommar har han også spelt med Dance With a Stranger på Trallaus 2018.
Eirik Søfteland treng strengt tatt ikkje noko nærare introduksjon for osingane. Vi veit kva han kan. Han får gleda av å avslutte Osfest 2018. 

Fleire saker