- 03. mai 2017

Dette har han ikkje gjort sidan han var i Os

Vegard Leikvoll Moberg opna målkontoen i nord og skåra både 1-0 og 2-0 for Bodø/Glimt mot Start.

Vegard Leikvoll Moberg, her i treningskamp mot Tromsø i vinter. (Foto: Nils Jarle Sætre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 03. mai 2017 12:40

– Eg kan ikkje hugsa sist eg skåra meir enn eitt mål i ein kamp, det må ha vore heime i Os, seier Vegard Leikvoll Moberg etter 3-2-siger heime over Start i 1. divisjon tysdag kveld.

Leikvoll Moberg skåra bra med mål i sin siste sesong i moderklubben Os, som då han skåra hattrick i 5-0-siger over Fana hausten 2010.

I Åsane blei han stort sett brukt i meir defensive rollar, i Bodø/Glimt er han indreløpar.

I går gav han Bodø/Glimt både 1-0 og 2-0 heime mot Start.

2-0 sto seg til pause, men heimelaget rota vekk leiinga i andre omgang og kampen var ikkje avgjort før Martin Bjørnbak sette inn 3-2 på overtid.

– Kjekt å skyta på mål igjen

Leikvoll Moberg trivst i ny rolle.

– Det er kjekt å vera lengre framme i det offensive spelet igjen. 2-0-skåringa kom på corner, den kunne eg like gjerne ha skåra på som midtstoppar, men 1-0 kom på innlegg.

Begge måla skåra han på hovudet.

I tillegg hadde han eit skot som blei redda då keeper slo den i stolpe og ut.

På stigande form

I sin nye klubb måtte han stå over serieopninga grunna betennelse i ein tommel, men debuterte borte mot gamleklubben Åsane og har spelt samtlege minutt i dei fire neste rundane (fekk kvila seg i første NM-runde).

– Eg gjekk fire veker på antibiotika. Då eg var ferdig med kuren merka eg fort at formen blei betre, seier Vegard, klar for vidare kamp om å vinna serien og ta Bodø/Glimt tilbake i Eliteserien.

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • For heile familien (6 pers)
  • Utan bindingstid
  • Berre 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.