Lokal | 13. mars 2019

– Dette har lenge vore eit ønske

Tenesteutvalet fekk statusrapport om satsinga på styrka samarbeid mellom barnehagane og helsestasjonen.

– Dette har lenge vore eit ønske
Leiar for førebyggjande helsetenester, Maritha Wallevik, fortalde i dag tenesteutvalet om status for samarbeidet mellom helsestasjonen og barnehagane i Os. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 13. mars 2019 12:14

Før medlemmene i tenesteutvalet skulle få framlagd den ferskaste rapporten om SIO-prosjektet, var ei av sakene ein statusrapport om samarbeid mellom helsestasjonen og barnehagane i Os.

Leiar for førebyggjande helsetenester, Maritha Wallevik, var hanka inn til å greia ut om saka for tenesteutvalet, då prosjektleiar Dagmar Hilde var forhindra frå å møta.

Gradvis styrking gav 3,6 nye stillingar

Tidleg innsats har dei siste åra vore høgt prioritert av Os kommune.

I 2017 innfridde kommunen krava for å kunne søkja på øyremerkte midlar frå helsedirektoratet.

Førebyggjande helseteneste fekk då midlar til 3,6 nye stillingar.

Stort engasjement rundt arbeidet

Wallevik kunne fortelja om stort engasjement i arbeidsgruppa, som òg tel to representantar frå dei private barnehagane i Os.

– Vi er i ein innleiande prosess, og det er kjekt å høyra om godt arbeid, fortalde Wallevik. Dette har vi hatt eit ønskje om å få etablert i lang tid no.

Helseopplæring og fokus på overgangar

Wallevik fortalde vidare at kvar barnehage no har sin eigen helsesjukepleiar som kontaktperson, og at kvar barnehage får eitt til to besøk i året.

– Vi er i kontakt med både dei tilsette og foreldregruppa i barnehagane. Når det gjeld barna er det fokus på tema som kropp, følelsar og helseopplæring som er i fokus.

– Målet er å styrka samarbeidet mellom helsestasjonen, barnehagen og barna og deira familie. Saman kan vi då sikra at vi har felles retning og i mål i arbeidet vårt.

Når det gjaldt barne med spesielle behov, kunne Wallevik fortelja om ekstra fokus på - og støtte i samband med overgangar. Dette vera seg ved oppstart i barnehage eller ved overgang barnehage-skule.

– Dette er berre starten, og vi byrjar no å få gode rutinar på plass, avslutta Wallevik.

Tenesteutvalet tok saka samrøystes som ei melding.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.