Lokal | 29. juli 2019

Dette kan du nok gløyma i morgon kveld

Sjå bildeserie frå kvelden før kvelden - Det fine vêret vert i morgon erstatta med gult farenivå og lokalt kraftige regnbyger og torden.

Dette kan du nok gløyma i morgon kveld
Denne idyllen vert broten i morgon; det er meldt store nedbørsmengder utover ettermiddagen og kvelden tysdag. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmåndag 29. juli 2019 20:41

Bildeserie:

Fleire nytta mandagskvelden til restaurantbesøk i sentrum. (Foto: KOG)
Fleire nytta mandagskvelden til restaurantbesøk i sentrum. (Foto: KOG)
På Kyrkjeflaten veks graset i kapp med blomane. (Foto: KOG)
På Kyrkjeflaten veks graset i kapp med blomane. (Foto: KOG)
Idyll i hamna. (Foto: KOG)
Idyll i hamna. (Foto: KOG)
Os Sjøfront i kveld. (Foto: KOG)
Os Sjøfront i kveld. (Foto: KOG)
Det var ikkje mange som nytta denne kaien. (Foto: KOG)
Det var ikkje mange som nytta denne kaien. (Foto: KOG)
Men i Mobergsvikjo bada folk framleis i 20.30-tida. (Foto: KOG)
Men i Mobergsvikjo bada folk framleis i 20.30-tida. (Foto: KOG)
Egidijus Sura ved Oseana Kafé & Restaurant kunne fortelja om ei særs travel helg. (Foto: KOG)
Egidijus Sura ved Oseana Kafé & Restaurant kunne fortelja om ei særs travel helg. (Foto: KOG)
Hugsar du denne frå førre veke? No er den attende i Os. (Foto: KOG)
Hugsar du denne frå førre veke? No er den attende i Os. (Foto: KOG)
I Vognhallen starta i dag eit nytt symposium - denne gongen med granitt som materiale. (Foto: KOG)
I Vognhallen starta i dag eit nytt symposium - denne gongen med granitt som materiale. (Foto: KOG)
Fleire av kunstnarane har allereie kome godt i gong. (Foto: KOG)
Fleire av kunstnarane har allereie kome godt i gong. (Foto: KOG)
Os granittsymposium. (Foto: KOG)
Os granittsymposium. (Foto: KOG)
Os granittsymposium. (Foto: KOG)
Os granittsymposium. (Foto: KOG)
Os granittsymposium. (Foto: KOG)
Os granittsymposium. (Foto: KOG)
Os sentrum i kveldssol - utan den gamle brannstasjonen. (Foto: KOG)
Os sentrum i kveldssol - utan den gamle brannstasjonen. (Foto: KOG)
Os sentrum.  (Foto: KOG)
Os sentrum. (Foto: KOG)
1 av 15

Etter ei helg med rekordvarme ser det no ut til at vi skal få attende, og det med renter.

Yr.no gjekk tidlegare i dag ut med eit gult varsel om kraftige regnbyger på heile Vestlandet sør for Stad;

«Tysdag ettermiddag er det venta lokalt kraftige regnbyger med torden. Bygene er venta å utvikla seg først i indre strok og bevega seg vestover. I samband med bygene kan det òg koma lokalt kraftige vindkast.»

Kan koma over 15 millimeter nedbør i timen

Til BT.no seier meteorolog Lars Andreas Selberg ved Vêrvarslinga på Vestlandet at det enkelte stadar kan det koma over 15 millimeter regn i timen, kraftige vindkast, torden og hagl. Aller verst blir det truleg i området rundt Voss.

Enkelte stadar kan det koma over 15 millimeter regn i timen, kraftige vindkast, torden og hagl, seier Selberg vidare.

Yr.no melder at nedbøren kan medføra fare for overvatn i tettbygde område, lokale oversvømmelser, bekke- og elveløpsendringar, jord- og flomskred der regnbygene treff. Vegar kan bli stengde. Det er fare for stengte vegar og/eller flaum ved bekke- og elveløp.

Det er venta at farenivået aukar frå tysdag klokka 12.00, men det heile skal vera over natt til onsdag klokka 05.00.

Betrar seg til helga

Temperaturen vil halda seg på 23-24 varmegradar utover ettermiddagen og kvelden tysdag, men på onsdag vil regnet halda fram, og temperaturen vil då ligga på 18 gradar.

Torsdag skal regnet gje seg, men overskya vêr gjer at noko varmare enn 20 gradar vert det ikkje.

Fredag og laurdag ser ut til å få gløtt av sol, men temperaturane kryp knapt over 20 gradar.

Les heile varselet her. (Yr.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.