– Dette kunne eg ha snakka om i dagesvis
Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum fekk klar tale i taxi-buo.
– Vi visste at partileiaren skulle ein til Øystese i dag, og då var det kjekt at han rakk ein tur innom til oss her i Os.
Dette fortel lokallagsleiar i Os Senterparti, Siren Tømmerbakke.
Etter ein kjapp visitt, og eit par smaksprøvar av lokal mat hos Osøyro Kolonial, bar det vidare til taxibuo til Os Taxi
Engasjert taxi-leiar frå Os
Bakgrunnen for besøket hos Os Taxi var statsbudsjettet kor nye avgiftsendringar i følgje næringa sjølv vil gjera det umogeleg å driva med transport av barn og rullestolar. For bilar som vert nytta til rullestol-transport kan det nye statsbudsjettet innebera aukte kostnadar på fleire hundretusen ved bilbyte.
Slagsvold Vedum har engasjert seg i saka, og han har allreie diskutert saka med Norges Taxiforbund.
Tor Anders Hauge er i tillegg til å vera leiar i Os Taxi, leiar i Norges Taxiforbund, avd. Hordaland. Det var med andre ord ein godt førebudd taxi-leiar som tok i mot Slagsvold Vedum på trappa utanfor taxi-buo.
Dette går på bekostning av det fri liv
Ein særs engasjert Hauge nytta høve til å melda frå første sekund.
– Kva kan vi gjera med dette? Eg er så oppteken av dette, og eg kunne snakka om det i dagesvis.
Hauge fortalde vidare om Os Taxi og korleis dei nye avgiftsendringane ville slå ut lokalt;
– Slik eg ser det er det ikkje næring att å driva for dei som leverer desse tenestene. Då sit vi att med ei kundegruppe som heller må gå til NAV og be om hjelp til å kjøpa sin eigen bil. Til sjuande og sist er det brukarane som sit att som taparane, utan moglegheit til å koma seg ut av heimen. Dette kan eg ikkje vera med på, tordna Hauge.
Tek det med til Stortinget
Sp-leiaren lot seg tydeleg engasjera av Hauge sitt glødande engasjement.
– Dette vil eg ta opp i Stortinget så snart det let seg gjera. Ei offentleg finansiering av dette kjem ikkje til å stå seg, og eg er personleg veldig engasjert i denne saka, kunne Slagsvold Vedum fortelja før han hasta vidare til Øystese.