Sport | 27. mars 2012

– Dette sto ikkje på sakslista

Talet på æresmedlemmar i 93 år gamle Søfteland Turn og Idrettslag blei søndag dobla. Erling Andersen har kjempa for (og med) STIL i over 25 år.

– Dette sto ikkje på sakslista
Erling Andersen fekk ein plakett av Helland då han blei kåra til æresmedlem i STIL søndag 25. mars. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 27. mars 2012 20:43

– Dette var veldig overraskande. Møtet var så å seia over då formann Kato Nordland reiste seg og kom med prisen, fortel Erling Andersen (51).

Det 93 år gamle idrettslaget har berre delt ut seks æresmedlemsskap tidlegare. Utanom Andersen er Dag Gaassand dein einaste som framleis er i livet.

– Dei gongane eg kjenner til at æresmedlemsbevis har blitt delt ut så har det blitt gjort på jubileumsfestar. Men sidan 90-årsdagen til laget ikkje blei markert så syntes dei vel det var lenge å venta 7 år til 100-årsjubileet, ler Andersen.

Starta med fotball

Kappgjengar Erling byrja i STIL som 11-åring i 1971. Dei første åra gjekk det i både fotball og kappgang.

– Det var kjekt med fotball, spesielt med lokalderbyane mot Kalandseid. Det var ikkje like kjekt å spela mot Os, då blei vi blåst av banen, minnest han.

Sjekk merittlista!

Sjølv om Erling var toppskårar på gutelaget i 74-sesongen var det innan kappgang han gjorde det skarpast.

Det er også innan denne idretten han har vore mest engasjert, og hatt dei fleste roller, utøvar, trenar, i styreverv og som dommar.

Han trappa ned etter OL i 1988, men har vore aktiv nasjonalt heilt fram til for eit par år sidan.

I kappgangløypa er det få som har blåst Andersen av banen:

• Deltok i EM for junior som 15-åring. Var med tre gongar og fekk sølv i 1979.
• Deltok i EM for senior som 18-åring. Var med i tre EM med 10.pl i 1986 som beste resultat
• Deltok i det første VM som vart arrangert i 1983, og deltok også i 1987. 12. plass er beste resultat
• Deltok i to OL. Var kvalifisert til OL i Moskva også, men der deltok ikkje Norge. 8.plass er beste resultat
• Deltok i tre EM innendørs, med bronse i 1983 som beste resultat
• Deltok i eit VM innendørs og fekk 9.plass

Totalt 14 internasjonale mesterskap. Har starta i V-cup 12 gongar og har gull frå 1981 og sølv frå 1985. Erling sette europarekord på 20.000 meter bane to gongar – i 1980 og 1984 (sto til 1992). Har éin europarekord for junior.

Som junior sette han tre verdsrekordar: Ein på 10.000m og to på 5.000 meter 1. september 1979 blei han verdas første junior under 20 minutt på 5000 då han gjekk på 19.56,9 på Skansemyren.
I tillegg sette han ca 10 verdens bestenoteringar for junior på landevei (verdensrekordar kunne berre setjast på bane).

Erling var ekstremt god som junior. Ingen av dagens ”stjerner” var like gode juniorar, og dei fleste av juniorrekordane til Erling er framleis gjeldande.

Erling gjorde alltid alt han kunne for laget. T.d. i kvalifiserninga til World Cup finalen for landslag i 1981 ofra han seg for laget ved å gå både 20 og 50 km, og dermed greidde laget å kvalifisera seg.

I Norge og Norden har Andersen vore suveren:

• 34 gull, 9 sølv og 5 bronse i NM.
• 35 norske rekordar og 16 bestenoteringar
• 11 kongepokalar
• 24 gull i NM for veteran. Gull, sølv og bronse i EM for veteran
• 3 gull, 1 sølv og 1 bronse i nordisk meisterskap 1981-2004
• 4 gull nordisk junior 1976–1979

• Medlem i Søfteland frå 1971
• Nestleiar i Hordaland Gangkrets i 8 år.
• Styremedlem i Hordaland Friidrettskrets
• Trenar i Søfteland i 14 år
• Mottok Søfteland TILs hedersteikn i 1979
• Mottok Norges Gang forbunds Fortenestmedalje 2006

Er framleis med

– Det har vore veldig gjevande å driva i eit så godt miljø som det er i STIL, seier Erling, som framleis er formann i friidrettsgruppa i det lokale idrettslaget og nestformann i hovudlaget.

Andersen har også verv i Friidrettsforbundet, der han sit i kappgangutvalet.

Fleire i famlilien til Erling har også vore involvert, både som utøvarar og i styret.

– Den eine dottera vår, Katrine Louise, sit i styret og er trenar for nokre ungdomar i laget. Det er veldig kjekt at ho også engasjerer seg, synes det ferske æresmedlemmet Erling Andersen.

Erling sjølv har engasjert seg som trenar og arrangør på klubbplan heilt frå 15-årsalderen og fram til i dag. Erling er alltid med når det trengs dugnadshjelp for gangsporten, og ingen har oversikt over kor mange gratis arbeidstimar han har gitt til Søfteland TIL.



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.